Vertigo Jette godkjent

Prøveløpet i går gjekk fint. Vertigo Jette løyste greit frå start. Solberg Spikern gjekk til tet, men eg synest ho rei litt fort med den. Sidan eg rei med klokke på armen kunne eg halde litt att og ri i 1.33-1.36-fart heile vegen. Eg var redd ho skulle gå seg trøytt og galoppera, men det var aldri noko fare for det. Me låg nokre lengder bak Solberg Spikern heile prøveløpet, men eg lot ho strekkja litt på beina ned oppløpet for å sjå om det var meir fart. Det var det. Ho tok avgarde og henta mange meter ned oppløpet. Då gjekk ho skikkeleg godt. Til slutt fullførte ho på 1.34,8 utan galopp. Ho imponerte meg i dag, og fullførte på ein enkel måte.

Kommentarer

Populære innlegg