Siste test før NM

På tysdag skal eg ri Lillruben i mitt siste montéløp før Noregsmeisterskapen. Det er eit autostartløp stengt på 320 000 kroner, som går over 2040 meter. Erga Maskin sponsar løpet og gjev sølvpokal til eigaren og minnepremie til rytteren som vinn løpet. At det endeleg er nokon som har villa sponsa eit montéløp og gjera litt ut av det synest eg er topp, men det er trist at Forus vel å setja løpet sist som 11. løp. Altså etter dei fleste har gått heim. Når nokon endeleg vil satsa på montésponsing, så synest eg dei hadde fortjent å få løpet plassert på eit meir synleg tidspunkt.

Lillruben har gått to fine montéløp for meg. Han har tapt for mykje i starten, slik at det har blitt for langt fram til Joey som har stått 40 meter føre. Denne gongen er ikkje Joey med, og me får starta bak bilen slik at me slepp voltinga. Det trur eg er ein fordel. Med sulky er han svært startrask, så eg gler meg til å sjå korleis han er under sal. Dessverre fekk me eit spor langt ute bak bilen. Han har gjort to fine innsatsar, og eg håper han gjer det igjen. Denne gongen får han kanskje vera med framme med ein gong, og då trur eg han kan gjera eit nytt fint løp.

Motstanden er ikkje verre enn han har møtt tidlegare. Verst i mot er sannsynlegvis Glide, som alltid gjer gode montéløp for Kristine Kvasnes. Oakridge Starcraft står med to strake sigrar, men har ikkje vist noko for Monica Refsland endå. Formen er bra, så han kan kanskje vera i toppen igjen. Bar Story har galoppert seg bort i to av montéløpa han har gått, men gjekk strålande til 2. plass bak Moon Dreamer i sitt andre montéløp. C.C. Lina har gått gode montéløp for meg, men ho likar seg best på sprint. Har eit fint spor, men får ny rytter her. Galopperte seg bort i sin siste montéstart for Kari Anne. Gjer ho slike innsatsar som ho har gjort med meg, kan ho vera med langt framme her. K.L.M. Kilroy er ein fin montéhest og gjorde eit pangløp i sin siste start, kan fort overraska i trippelsamanheng med fin reise her. Står perfekt inne og rytteren kjenner han. Traffic Light er ein spennande montéhest, men galopperer for mykje. Utan galopp er han god. Umpire Boko overbeviste ikkje i sitt fyrste løp under sal. Siw Helen har formen inne og rei eit fint hurtigarbeid på hesten. Er vel i første omgang ein premiekandidat. To hestar debuterer i monté her. Lexby Girl som eg var meldt på leverte eit brukande prøveløp. Får dyktige Lise Hjetland på ryggen, og ho kan kanskje få fart på denne hoppa og. Center Käll gjekk montéprøveløp på 1.20,0. Hesten er god og kan fort vinna direkte for Malin Berås, som har gjort det meste riktig i salen i år.

Løpet er spennande med fleire fine hestar. For meg er det ingen som peikar seg klart ut. Eg ser fram til å ri Lillruben igjen. Han er ein herleg hest å ri, som eg håper kan gjera eit nytt godt løp under sal.



Løp: 11 ERGA MASKINs Montéløp (ca. kl. 21:20)
ERGA MASKINs Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 320.000 kr., åpent for alle montelisenser.
2040 m. Monté. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 20.000-10.000-7.000-5.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 C.C. Lina Ronja Good Djøseland 231.250 1.17,4v 1.14,8a
2040 2 Traffic Light Lene Bjånes Indrevær 297.007 1.15,2v 1.14,8a
2040 3 Lexby Girl Lise Hjetland 136.600 1.17,0v 1.14,6a
2040 4 K.L.M. Kilroy Caroline L.B. Morken 308.500 1.16,9v 1.14,6a
2040 5 Center Käll Malin Berås 262.231 1.14,9v 1.13,6a
2040 6 Glide Kristine Kvasnes 279.500 1.16,7v 1.15,6a
2040 7 Bar Story Kari Anne Knutsen 61.000 1.17,5v 1.15,9a
2040 8 Lillruben Charlotte Steine 279.941 1.17,2v 1.14,3a
2040 9 Oakridge Starcraft Monica Refsland 272.000 1.16,1v 1.13,8a
2040 10 Umpire Boko Siw Helen Bø 177.681 1.18,7v 1.14,8a

Kommentarer

Populære innlegg