Ny sjanse med Lillruben

I morgon skal eg ut å ri Lillruben att. Det gler eg meg til. Han er ein flink montéhest som har gjort sitt beste i alle løpa. Sist eg rei han tok han ein sterk siger frå dødens. Det var 9. august, han har berre starta ein gong etter det og har hatt 1,5 månad pause etter siste start. Dermed er formen litt usikker, men om han er i slag som han var sist eg rei han, så håper eg at han kan vera på trippelen denne gongen og.

Motstanden:
1. Inspector Barnaby: Var litt tråkk i sin montédebut og har ikkje starta sidan det. Malin Berås skal ri han, men eg trur kanskje han vert ein premiekandidat her.
2. Blow The Bugle: Han trava dårleg sist han starta, men gjekk eit godt løp då og med tilsvarande innsats er han ein trippelkandidat.
3. Dreamcatcher: Ein god montéhest som har giftige sluttspurtar. Det er lenge sidan han har starta, men skal reknast likevel. Får han det rette løpet plukkar han mange til slutt.
5. Thunderstruck: Har gått eit fint hurtigarbeid under sal og såg fin ut i prøveløpet då han trava 19,8. Det vert spennande å sjå han i debuten under sal, men eg vert ikkje overraska om han er langt framme direkte.
6. Company Ås: Imponerte i sin siste sulkystart med enkel siger på 13,5. Var ikkje heilt i slag sist han gjekk monté, men han har vore god tidlegare og er ein av dei betre i feltet og skal reknast med sigerssjanse.
7. Glide: Gjekk eit fint løp i Bergen i går. Usikker på korleis han taklar to så tette løp, men eg reknar med Kristine har kontroll på det og han kjemper nok om ein trippelplassering igjen.
8. K.L.M. Kilroy: Har gått gode montéløp i det siste. No set Kari Anne seg på ryggen hans att, men med den formen han har kan han kjempa om trippelplassering her òg.
9. Lexby Girl: Kjemper om premie.

Løp: 1  Montéløp   (ca. kl. 13:50)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 350.000 kr.
2040 m. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 20.000-10.000-7.000-5.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods      Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Inspector Barnaby Malin Berås 349.532 1.15,7v 1.14,2a
2040 2 Blow The Bugle Monica Refsland 266.000 1.17,9v 1.14,7a
2040 3 Dreamcatcher Katarina Østerholt 189.001 1.18,7v 1.15,3a
2040 4 Lillruben Charlotte Steine 320.941 1.17,2v 1.14,3a
2040 5 Thunderstruck Anette Selliken 167.695 1.16,4v 1.15,1a
2040 6 Company Ås Caroline L.B. Morken 328.687 1.15,5v 1.13,5a
2040 7 Glide Kristine Kvasnes 300.500 1.16,5v 1.15,6a
2040 8 K.L.M. Kilroy Kari Anne Knutsen 327.000 1.16,9v 1.14,6a
2040 9 Lexby Girl Marielle Øvrebø 136.600 1.17,0v 1.14,6a









Foto: Arnfinn Roaldsøy








































































Kommentarer

Populære innlegg