Tangen Vinn i Bergen

På torsdag skal eg ut å prøva ein ny kaldblods. Denne gongen har eg fått sjansen på ryggen til Tangen Vinn. Løpet er eit sprintløp med voltestart, og er satt sist denne kjøredagen. Det er sponsa av Brizy og Travformidling.com med eit fint teppe til vinnaren. Tangen Vinn har berre tre montéløp bak seg, men han har ikkje hatt noko suksess. Det fyrste løpet enda med diskvalifisering for galopp og dei to andre løpa har han blitt distansert. Denne gongen er det sprint, så eg håper at det passar han betre. Formen har vel ikkje vore den beste i det siste, men me får gjera så godt me kan.

Motstanden er hard. Verst i mot vert Vangen Glunten. Han står berre 20 meter bak oss, men på 60 meter tillegg. Han har vore god i sine tidlegare montéløp, og har gått fortare for kvart løp. På sprint kan han nok gå fort, og han skal reknast med ein fin sjanse. Aprilia H. har berre eitt montéløp bak seg, men overbeviste til 3. plass i Rappfots Æresløp då. Ho kan bli vanskeleg å henta sidan ho berre har 20 meter tillegg. På strek står Trø Stilig, som denne gongen er rytterforsterka med Caroline Morken på ryggen. Dersom han held tempoet oppe, vert det vanskeleg å henta tillegg på han. På det lengste tillegget står Gilborken, som alltid gjer fine montéløp og skal reknast i toppen. Drageblæsen debuterer i monté her, det gjer òg rytteren. Hesten har gått gode tider i travløp i det siste, så om rytteren klarer oppgåva kan han kanskje overraska.

Nyborg Prinsen er ein annan debutant. Han gjekk prøveløp på 35,4 og det er vanskeleg å vurdera kva han kan. Gil Rau Jo har samla på fjerdeplassar i det siste, men om det løyser seg og han går feilfritt så er han god nok på ein sprint. Elve Prinsen har gått overraskande bra i dei to siste montéløpa, men er i fyrste omgang ein premiekandidat. Dala Jento står på strek, men er vanskeleg å halda i trav og må vera nøgd med premie. Espe Viktor har ikkje vist noko i det siste, Oda Mykkeltvedt er tilbake på ryggen, men det er tvilsamt at det er nok til å forbetra hesten. Mitt mål med Tangen Vinn blir å halda han i trav og deretter prøva på ein best mogeleg premie.


Løp: 10 Montéløp (ca. kl. 21:12)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige , åpent for alle montelisenser.
1600 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 140.000 kr., 40 m ved 240.000 kr., 60 m ved 450.000 kr., 80 m ved 800.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Dala Jento Mariann Borgen 59.500 1.32,1v 1.32,5a
1600 2 Trø Stilig Caroline L.B. Morken 114.500 1.30,7v 1.27,5a
1620 3 Aprilia H. Renate Aarlie 206.200 1.28,8v 1.27,4a
1620 4 Nyborg Prinsen Lene Bjånes Indrevær 223.256 1.29,7v 1.27,7a
1620 5 Elve Prinsen Jeanett D. Knappskog 142.000 1.30,2v 1.27,5a
1640 6 Gil Rau Jo Evy Katrin Teigen 272.700 1.27,9v 1.28,2a
1640 7 Tangen Vinn Charlotte Steine 263.000 1.28,1v 1.27,2a
1660 8 Vangen Glunten Victoria Steine 790.495 1.25,8v 1.25,6a
1660 9 Drageblæsen Silje Jordalen 455.900 1.26,6v 1.25,3a
1660 10 Espe Viktor Oda Mykkeltvedt 753.300 1.24,9v 1.25,5a
1660 11 Gilborken Iselin Teigen 690.500 1.25,5v 1.23,8a

Kommentarer

Populære innlegg