Andre NM-løp: Park Heaven

I det andre NM-løpet eg skal ri, er det Park Heaven som skal ha meg i salen. Det er ei hoppe etter Super News og Angel Food med 123 900 kroner i grunnlag. Så langt i år har ho berre starta tre løp, utan å få premie. Hoppa vann eit løp under monté-NM i fjor med Anne Grete Rasmussen, men har berre teke to premiar etter det. Ein premie i monté og ein i travløp. Ho har galoppert i om lag halvparten av montéløpa ho har starta, og har berre ein premie i tillegg til sigeren som resultat. I sin siste start kjørte Hans Christian Holm. Ho var langt bak og stoppa ein del til slutt. Før løpet hadde ho ikkje starta på tre månadar, så den gjennomkøyringa var sannsynlegvis nødvendig. Ut i frå resultatane å dømma må eg prøva å halda ho i trav, og må vera nøgd om me klarar å få ein premie.

Motstanden er hard. Mr. News har tatt fire sigarar i monté, og ikkje vore dårlegare enn fjerde under sal. Mette Nyløkken er flink og dei kjemper i toppen her. Dream Turbo har tatt tre montésigrar. Kristian Skullerud er trenar, og han veit korleis han skal få gode montéhestar. Vanlegvis har Liv Pedersen ridd, no skal Siv Emilie Løvvold ri, ho er dyktig og er langt framme med denne hoppa. Nugga Hydrup har levert mange gode innsatsar under sal. Heller ikkje denne hoppa har vore dårlegare enn fjerde i monté. Stine Marlen Bendiksen er ikkje like rutinert som Liv Pedersen, men eg trur likevel dei er med langt framme i dette løpet utan galopp.

Tichy's Tale vann i sitt fyrste travritt. Etter det har det blitt ein del galoppar, men har kapasitet til å vera med framme. Winning Colors gjekk fint i sin siste montéstart til fjerdeplass etter galopp og sjenering. Johanne Ulrica Øveraasen er ein dyktig rytter og med eit fint løp kan ho kanskje vera med eit stykke framme. Kilmore har ikkje gått monté sidan september, og vert ein premiekandidat i dette selskapet. Markus Mølgård har ikkje overbevist under sal endå, og kjempar om ein premie her. Rite On Volo startar ikkje.

Det er eit fint løp med fleire gode hestar. Eg trur det vert eit oppgjer mellom Mr. News, Dream Turbo og Nugga Hydrup. Park Heaven har sannsynlegvis nok med å henga med her og så må eg prøva å ri etter ein premie.

Løp: 3 NM for montéryttere, v.bl. (ca. kl. 18:50)
Montéløp. NM for montéryttere, v.bl.
Varmblods. 4-12-årige, åpent for alle montelisenser.
2100 m. Monté. Autostart. Maks 9 startende.
Premier: 20.000-10.000-7.000-5.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods Auto V5-2
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Rite On Volo Annika Gresseth 120.166 1.19,0v 1.14,8a
2100 2 Tichy's Tale Elsie Hafskjold 122.000 1.18,1v 1.16,6a
2100 3 Markus Mølgård Brit Lea 123.740 1.18,1v 1.16,1a
2100 4 Park Heaven Charlotte Steine 123.900 1.19,6v 1.15,6a
2100 5 Kilmore Kari Anne Knutsen 131.000 1.18,3v 1.15,4a
2100 6 Dream Turbo Siv Emilie Løvvold 131.373 1.16,9v 1.16,5a
2100 7 Mr. News Mette R. Nyløkken 135.000 1.19,3v 1.16,8a
2100 8 Winning Colors Johanne Ulrica Øveraasen 142.000 1.19,2v 1.15,8a
2100 9 Nugga Hydrup Stine Marlen Bendiksen 142.717 1.18,3v 1.14,5a

Kommentarer

Populære innlegg