6. plass med Tangen Vinn

Eg fekk sjansen på ryggen til Tangen Vinn i Bergen på torsdag. Han hadde gått tre montéløp tidlegare, utan å tene ei krone. Ein gong har han blitt diska for galopp, og to gongar distansert. I varminga kjente eg at han trøbla litt med travet, heile tida måtte eg ri på grensa til galopp, så eg ville ha tunge bussar på han framme for å hjelpa han.

Han trava betre i prøvestarten, enn i varminga. Me trefte starten greit, og henta inn mykje tillegg på ein del av konkurrentane framføre. I tet drog Trø Stilig avgarde for seg sjølv. Ut av fyrste svingen var me oppe som sjette ekvipasje. Eg rei i førstespor, sidan eg fekk hest opp på utsida. Det vart feil då Nyborg Prinsen stoppa framføre oss, så me fekk ein stopp og eg måtte rygga meg ut og rundt han. 1000 meter gjekk på 1.31,1 og me hadde framleis langt fram. Då Gil Rau Jo galopperte framføre oss, vart det trongt i det ho drog ut, men Tangen Vinn haldt seg på beina. I siste svingen var me oppe som fjerdehest, og gjekk eigentleg godt. Ned oppløpet trøbla han litt meir med travet og vart innhenta av konkurrentar bakfrå. Likevel var eg nøgd med at han fullførte eit montéløp for fyrste gong. I tillegg fekk han premie, 6. plass på 1.30,7.

Foto: Miriam Fostervoll

Kommentarer

Populære innlegg