Første NM-løp: Rubinstern

Det første NM-løpet er i lavt grunnlag, og eg skal ri Rubinstern. Han er hesten med nest minst grunnlag, 40 000 kroner, og står dermed i andrespor. Rubinstern er ein raud vallak etter Rubintor Pri og Fiffi Tim. På autostart har han rekord på 17,1 med sulky på sprint. Dei 19 startane hans har resultert i ein siger, ein andre, ein tredje og sju premiar. I monté har han gått prøveløp for Laila Thue på 1.20,9. Eitt montéløp har han starta etter det, diskvalifisert for galopp med Liv Pedersen på ryggen. To gongar tidlegare har han gått i Drammen. Ein gong var eit prøveløp som ikkje vart godkjent med galopp, og den andre gongen var eit sulkyløp der han var diskvalifisert.

I år har han starta eit prøveløp med sulky, godkjent på 19,0. Etter det har han gått eitt løp til 5. plass på 18,0a. To startar hadde han i fjor, ein diskvalifisering i montéløp og ein 4. plass med galopp i travløp. Så det er ikkje så mykje denne hesten har fått vist dei to siste åra.

Favoritten i løpet vert sannsynlegvis Ringo Godiva, med Johanne Ulrica Øveraasen på ryggen. Hesten debuterer i monté her, men leverte eit prøveløp på fine 17,9 åleine. Hesten har gått 16,8aM i sin nest siste start og ny rekord på 1.14,4aK i sin siste start. Formen er dermed bra, og rytteren er flink. Ein spennande debutant. Sophie's Royal Ride er ein god montéhest, og står best inne grunnlagsmessig i ytterste sporet bak bilen. Har vist fin kampmoral i monté og kjemper om sigeren her.

Kends Magnific står langt ute på vingen, men gjekk mange gode montéløp med bra resultat i 2009. Har ikkje starta sidan desember 2009, utanom eit prøveløp i fjor, så formen er usikker. Aragon E.E. står i fyrstespor bak bilen. Fyrste gong Elsie Hafskjold rei han gjekk han veldig fint til 2. plass. Med eit fint løp, trur eg han kan kjempa i toppen. Laetitia November debuterer og har prøveløp på 20,7 bak seg. Zantana Transs R. er ein annan debutant. Han har dyktige Kristine Kvasnes på ryggen, og om ho liker monté kan ho kanskje vera med framme i debuten. Lady Di Hill har ikkje vist noko i monté, men får montédronninga Liv Pedersen på ryggen, noko som alltid er eit pluss.

Løpet vert tøft for Rubinstern. Han står dårleg inne grunnlagsmessig og har ikkje resultat å visa til i monté. Eg må prøva å halda han i trav, og så må me vera nøgde om me får henga med slik at me klarer ein premie i dette laget.

Løp: 1 NM for montéryttere, v.bl. (ca. kl. 18:00)
Montéløp. NM for montéryttere, v.bl.
Varmblods. 4-12-årige, åpent for alle montelisenser.
2100 m. Monté. Autostart. Maks 9 startende.
Premier: 20.000-10.000-7.000-5.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Aragon E.E. Elsie Hafskjold 35.970 1.20,3v 1.15,9a
2100 2 Rubinstern Charlotte Steine 40.000 1.19,5v 1.17,1a
2100 3 Elegant Image Line Gundersen 67.000 1.17,7v 1.16,8a
2100 4 Lady Di Hill Liv Pedersen 101.119 1.18,6v 1.14,8a
2100 5 Zantana Transs R. Kristine Kvasnes 103.939 1.18,6v 1.15,8a
2100 6 Laetitia November Kari Anne Knutsen 106.000 1.18,0v 1.15,2a
2100 7 Ringo Godiva Johanne Ulrica Øveraasen 107.500 1.17,4v 1.14,4a
2100 8 Kends Magnific Brit Lea 108.500 1.18,3v 1.16,0a
2100 9 Sophie's Royal Ride Annika Gresseth 114.000 1.17,6v 1.16,8a


Kommentarer

Populære innlegg