Fin Fyr på Forus

På tysdag skal eg testa ein ny kaldblods. Denne gongen har eg fått sjansen på Fin Fyr som Ove Kenneth Karlsen trenar. Eg har ridd han nokre gonger i trening no, og han verkar til å vera ein fin hest å ri. Tidlegare har han berre starta 4 montéløp. Det fyrste løpet enda i galopp og uplassert med Line Gundersen på ryggen. Så fekk Madelen Berås sjansen, og ho vann med han. Gongen etter møtte han fleire gode montéhestar og enda uplassert med Madelen på ryggen. Det siste løpet fekk Kristine Kvasnes sjansen på ryggen hans, det vart galopp, men 7. plass. Som raskast i monté har han trava 28,9 over 2200 meter. I sin siste start i sulkt trava han 26,7 over 2590 meter. Det vert spennande å sjå kva han kan gjera denne gongen, men fyrst og fremst må han gå feilfritt. Klarer me det håper eg me kan få ein ok premie, sjølv om motstanden er hard.

Mjølner Faks gjer ein svært spennande montédebut. Han har beste rytteren i feltet, Kristine Kvasnes, men står 40 meter bak førstehesten og 20 meter bak oss. Innsatsen i prøveløpet var meget bra, åleine på 1.31,9. Han kan vinna i debuten. Vangen Glunten har vore god i dei to montéløpa han har gått. Ein siger og ein andreplass. Han står finare inne her og kan fort vera i toppen igjen. Gann Pål må gå feilfritt, men om han gjer det er han bra. Gjorde ein fin innsats til 2. plass bak Atom Lynet på Sørlandet 19. mars. Kan kjempa i toppen med det rette løpet. Høgda Svarten har gått bra i monté og vert rytterforsterka her. Kan overraska. Kjenner Tor gjekk 36,1 i prøveløpet, men imponerte ikkje. Han må vera betre for å vera med her. Lineas Elfin har ikkje imponert i monté, og må gå feilfritt for å få premie. Pål Stjernen gjekk prøveløp på 34,9, har fordel av å stå først, men vert sannsynlegvis raskt overflydd og må nok vera nøgd om han får premie.

Det er eit spennande løp med mange fine hestar, og eg håper Fin Fyr går feilfritt, gjer ein god innsats og klarer å få ein premie her.


Løp: 1 Montéløp (ca. kl. 18:00)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige , åpent for alle montelisenser.
2040 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 180.000 kr., 40 m ved 350.000 kr., 60 m ved 1.000.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2060 1 Pål Stjernen Monica Refsland 278.500 1.28,6v 1.26,7a
2080 2 Høgda Svarten Lise Hjetland 813.872 1.24,6v 1.24,1a
2080 3 Gann Pål Madelen Berås 807.674 1.25,0v 1.23,7a
2080 4 Lineas Elfin Malin Berås 383.400 1.27,0v 1.26,0a
2080 5 Kjenner Tor Linda Bø 430.500 1.26,8v 1.24,5a
2080 6 Fin Fyr Charlotte Steine 674.800 1.25,8v 1.26,0a
2080 7 Vangen Glunten Victoria Steine 786.495 1.25,8v 1.25,6a
2100 8 Mjølner Faks Kristine Kvasnes 1.307.011 1.25,0v 1.23,5a

Kommentarer

Populære innlegg