Finaleløpet i NM: Stjerne Ask

Stjerne Ask er hesten som skal avslutta mitt NM. Han har gått fleire fine montéløp tidlegare. På mellomdistanse er det raskaste han har trava 28,0, det var då han vann med Mette Nyløkken på ryggen. Han er ein kapabel hest. Eg har høyrt at han gjekk eit veldig godt rutineløp tirsdag, og forhåpentlegvis er han i fin stand til løpet på laurdag.

Rydell har vore den beste i klassen med fem strake sigrar. Dei har han teke med Liv Pedersen på ryggen. Denne gongen sit Kari Anne Knutsen i salen. Sjølv om han ikkje har sin faste rytter på ryggen, skal han reknast med ein god sjanse nok ein gong. Almandin er ein flink montéhest. Med gode Siv Emilie Løvvold på ryggen kan han fort vera med langt framme om han held seg i riktig gangart. Huldre Gutten har gjort mange gode montéløp. Liv Pedersen på ryggen er eit klart pluss. God hest og god rytter gjev ofte godt resultat. Danield er ein kapabel hest, men har galoppert mykje. Han er tilbake hjå eigaren, og får Mette Nyløkken på ryggen. Ho er flink, men han må gå feilfritt for å vera langt framme, og det ser ikkje enkelt ut å få han rundt i trav.

Lo Mito har berre gått montéløp på Leangen, og eitt i Sverige. Denne gongen får han Kristine Kvasnes på ryggen. Ho har godt tak på mange hestar, og hesten vert rytterforsterka. Resultata tidlegare har vore brukande, og kanskje får Kristine endå meir fart på han. Rigel Jao har gått gode tider i sulkyløp, men har berre eitt montéløp uplassert bak seg. Hjerteborken er ein flink montéhest, men har vore vanskeleg på voltestart tidlegare. Han var ikkje som best på Sørlandet sist, men om han er tilbake i slag kan han enda langt framme. Edel Terna har to montéløp, og to andreplassar, bak seg. Line Gundersen er flink og dei kan fort overraska. Skuggfaks har levert fine montéløp tidlegare, men er kanskje litt ute av form og har ein av dei mindre rutinerte rytterane, premiekandidat. Gikling Gutten var god i dei fyrste montéløpa sine, men har ikkje vist dei same taktene etter det, og er sannsynlegvis nøgd med ein premie. Lundhaug Lars kjemper om ein premie.

Det er mange gode hestar i feltet. Rydell har vore den beste. Dersom Stjerne Ask gjer sitt beste, og held seg i trav, håper eg me kan vera med å kjempa langt framme. No er det ikkje lenge att til NM. Eg kjenner at spenninga har innteke kroppen. Eg gler meg til å ri mitt fyrste løp på austlandet, og eg ser fram til å prøva fleire hestar. Dette vert ei god erfaring å ta med seg vidare. NM er ein draum som går i oppfylling. Eg håper verkeleg eg klarer å ta vare på sjansane mine.


Løp: 1 NM for montéryttere, k.bl. (ca. kl. 13:50)
Montéløp. NM for montéryttere, k.bl.
Kaldblods. 5-15-årige høyest 500.000 kr., åpent for alle montelisenser.
2100 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 150.000 kr., 40 m ved 300.000 kr.
Premier: 20.000-10.000-7.000-5.000-3.000-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Danield Mette R. Nyløkken 138.000 1.29,6v 1.29,8a
2100 2 Lundhaug Lars Elsie Hafskjold 125.000 1.29,2v 1.29,6a
2120 3 Gikling Gutten Johanne Ulrica Øveraasen 248.742 1.28,4v 1.27,3a
2120 4 Skuggfaks Annika Gresseth 293.700 1.29,1v 1.27,0a
2120 5 Edel Terna Line Gundersen 278.650 1.30,5v 1.26,2a
2140 6 Rydell Kari Anne Knutsen 427.804 1.27,9v 1.28,0a
2140 7 Lo Mito Kristine Kvasnes 332.603 1.28,5v 1.28,2a
2140 8 Rigel Jao Brit Lea 488.353 1.26,0v 1.25,1a
2140 9 Stjerne Ask Charlotte Steine 441.500 1.27,6v 1.26,3a
2140 10 Hjerteborken Stine Marlen Bendiksen 375.641 1.27,1v 1.24,6a
2140 11 Almandin Siv Emilie Løvvold 365.500 1.27,6v 1.26,8a
2140 12 Huldre Gutten Liv Pedersen 440.300 1.27,0v 1.25,1a

Kommentarer

Populære innlegg