Tredje NM-løp: Keep On Turning

Eg har nok ein gong trekt hesten Keep On Turning. Han skal eg ri i det tredje NM-løpet mitt. I fjor skulle eg ridd NTAFs montécup finale på Jarlsberg på denne hesten. Med utstyr, ikledd drakt møtte eg opp for å vega meg, men fekk vite at hesten var strøket. Denne gongen håper eg han kjem til start. Han har bytta eigar og trenar sidan det. No har han ikkje starta sidan desember, og treng sannsynlegvis løp i kroppen. Han fekk 2. plass på ei lokalkøyring nyleg, så forhåpentlegvis har han hatt godt av pausen. Me får gjera så godt me kan og prøva å få ein premie.

Motstanden er hard, sjølv om han står greitt inne grunnlagsmessig. Fleuron Pierre var tilbake i slag i sin siste start og vann. Kristine Kvasnes er dyktig, så dei kjemper langt framme. Quatarinon er ein god hest. Han har berre ein montéstart bak seg, men vart tredje då. Kan fort kjempa i toppen her. Terra Nova har og berre ein montéstart bak seg, til andreplass. Får flinke Siv Emilie Løvvold på ryggen og er langt framme igjen. The Breadwinner står ytterst bak bilen, og perfekt inne i forhold til grunnlaget. Line Gundersen sit i salen. Han er rask frå start og går alltid gode løp under sal. Kan vera langt framme her.

Alladin Tooma har ikkje vore ute i monté på lenge. Får rytterdronning Liv Pedersen på ryggen, og ho kan kanskje vekkja liv i han. Han har gått greie travløp og kan vera forbetra her. Innerst bak bilen står Ziriumzam som gjekk eit godt førsteløp i monté, men som ikkje har fulgt opp etter det. Bordercall står i andrespor og er nok nøgd om han får premie. Elken Dijon står i tredjespor. Har gått greie travløp i det siste, og er lenge sidan har starta monté. Mette Nyløkken er flink å ri og gjer nok sitt beste for at hesten skal gå godt.

Det er nok eit løp med mange gode hestar. Fleuron Pierre, Quatarinon, Terra Nova og The Breadwinner er mine forslag til dei som er lengst framme. Dei kan tulle seg bort med galopp og då vert det opent for dei andre konkurrentane. Me får prøva å få ein fin posisjon og forhåpentlegvis klarer me å få ein premie.

Løp: 7 NM for montéryttere, v.bl. (ca. kl. 20:25)
Montéløp. NM for montéryttere, v.bl.
Varmblods. 4-12-årige, åpent for alle montelisenser.
2100 m. Monté. Autostart. Maks 9 startende.
Premier: 20.000-10.000-7.000-5.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Ziriumzam Annika Gresseth 152.500 1.15,8v 1.15,0a
2100 2 Bordercall Brit Lea 161.267 1.17,5v 1.16,4a
2100 3 Elken Dijon Mette R. Nyløkken 165.600 1.17,4v 1.15,6a
2100 4 Quatarinon Stine Marlen Bendiksen 166.872 1.16,7v 1.15,1a
2100 5 Fleuron Pierre Kristine Kvasnes 180.551 1.16,4v 1.15,4a
2100 6 Terra Nova Siv Emilie Løvvold 199.450 1.16,9v 1.15,5a
2100 7 Keep On Turning Charlotte Steine 217.951 1.17,6v 1.15,1a
2100 8 Alladin Tooma Liv Pedersen 247.802 1.18,8v 1.15,0a
2100 9 The Breadwinner Line Gundersen 259.400 1.18,3v 1.15,4a

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg