Diska med Rubinstern

Det fyrste NM-løpet rei eg Rubinstern. Han var fin og grei i varminga. Då var eg åleine i banen, og han haldt seg greit roleg. Han ville ikkje gå ut i banen, og eg defilerte med sjekk. Løpet skulle gå med autostart, og han gira seg opp bak bilen. I det bilen slapp trava han to steg, og så slengte han seg i galopp. Etter det var han uregjerlig, og berre raste. Eg hadde ingen sjanse til å halda han i trav, eller få han ned att. Eg prøvde å koma meg ut av feltet, og Annika Gresseth var snill og tok opp slik at eg kom ut. Etter nesten ein runde fekk eg han ned i trav, og det var eg glad for. Det var ein fin hest, men han var veldig vanskelig. Det var andre gongen, på to forsøk, at han var diskvalifisert.

Rubinstern. Foto: Øyvind A. Brusletten.

Kommentarer

Populære innlegg