Diska med Park Heaven

Det andre NM-løpet rei eg på Park Heaven. Ho varma heilt greit, men eigaren ville riva av alle fire skorne, og gjorde det. Frå start var ho raskt ute og tok teten. Eg hadde fått beskjed om å gje ho eit ryggløp, og dermed dempa eg til ein kom fram og overtok. Etter nesten ein runde byrja ho å trøbla med travet, og galoppen kom. Ho vart nok sårbeint, og gjekk dårlegare på grunn av det. Då eg skulle dra ut av feltet tok ho i, men akkurat i det eg drog ut stoppa ho litt opp, slik at me hindra den som kom bakifrå. Dermed fekk eg 800 kroner i bot, og 8 minuspoeng i NM.

Kommentarer

Populære innlegg