Flinke Lillruben

Eg var ute i eit montéløp med Lillruben forrige tysdag. Eigaren Håkon Hagebø Hauge tok turen frå Bergen til Forus berre med Lillruben. Han trekte seg på konkurrentane sist eg rei han, så eg spurde om eg kunne få testa med sprutmaske. Det fekk eg lov til. I varminga gjekk han utan noko, berre med ope hodelag, og virka veldig fin. Sidan det var autostart tok me på sjekk, heilstengt, proppar og sprutmaske til løpet. Han løyste godt frå start, og kom fram i dødens. Eg gjekk ned i ledarrygg for å gje han eit fint løp. Kanskje burde eg berre ridd fram og prøvd på teten, men då hadde det vore fare for at han hadde blitt stri. Eg ville gje han eit fint løp, og prøvde på ledarryggen som vart tredje innvendig.

Teten fekk Oakridge Starcraft frå Center Käll. I dødens låg K.L.M. Kilroy. Center Käll gjekk inn og ut frå fyrstesporet, og gjekk delvis i halvspor. Kvar gong den svinga utover, gjekk Lillruben ekstra i for å koma fram på innsida, men eg måtte dra i han kvar gong Center Käll gjekk ned att i innersporet. Ein runde frå mål byrja eg å sjå etter luka, men eg hadde hest på sida heilt til inn på siste svingen. Då gjekk ledarhesten ut frå ledarryggen, sjølv om det var hest både i tet og dødens. Eg måtte bakka meg ut rundt dei for å få luka. Då eg drog ut bråstoppa han, og dei tre fyrste fekk nokre lengder forsprang. Eg fekk farten opp att på han, og han gjekk skikkeleg til mål. Det vart ein flott 2. plass på 1.16,9 over mellomdistanse. Med sprutmaske var det ein heilt annan hest. Han følgde ryggen og var veldig fin å ri. Det er så herleg å ri Lillruben, som alltid har ein fin spurt til slutt.

Kommentarer

Populære innlegg