Ny 3. plass til Lillruben

I går rei eg Lillruben i montéløp i Bergen. Det er svært få varmblods montéløp i Bergen som har hatt 15 starterklærte hestar. Dermed var me dømt til å få mange omstartar. Fem omstartar vart det til slutt. Silverboy M.C. som leda volten min til å byrja med ville ikkje opp i fart og eg fekk fleire dårlege startar. Lillruben er vanskeleg i volten og kastar seg rundt, og vil ikkje snu når eg vil. I det gyldige startforsøket gjekk starten greitt, men me kom raskt innpå hestane som stod på tillegget 20 meter føre og han trekte seg i det me kom opp i rygg. Han var skeptisk til konkurrentane. I første svingen rir eg i andrespor mellom mange av hestane som stod på tillegget framføre. Joey, som stod 40 meter framføre oss, åpna første 500 meter på 1.17,2. Då hadde me tapt meter til han og var veldig langt bak.

I andre svingen låg eg i andrespor, men hesten innanfor gjekk ut og skubba meg ut i tredjespor. Ut på langsida ein runde frå mål vart eg skubba vidare utover i spora. Første 1000 meter passerte Joey på 1.17,8. Sidan eg havna ute i fjerdespor bestemte eg meg for at eg måtte forbi dei og berre rei framover ute i spora. I nest siste svingen drog eg skylappane, og det reagerer han på. Ned siste langsida kjempar han seg forbi feltet, og tek opp kampen på dei tre fyrste hestane som har langt forsprang. Gjennom siste svingen og ned oppløpet går han svært godt og tek att Goal Pointer som er trøytt, men det er altfor langt fram til Glide og Joey. Likevel gjer han ein ny fin innsats til 3. plass på 18,2. Planen neste gong er eit autostartløp på Forus. Det ser eg fram til.

Kommentarer

Populære innlegg