Ein rapportert, og ein 4. plass

På Forus starta eg med prøveløp med Hage Svarten. Han fungerte veldig fint i varminga og gjekk ein fin 500 meter i 1.30-fart. I prøveløpet gjekk det ikkje like bra. Fyrste runden var ok, han åpna første 500 meter gjekk på 1.41 og auka til 1.37,7 første 1000 meter. Då var det over. Siste runden trøbla han meir og meir med travet og eg måtte bera han til mål. Eg vurderte å bryta, og burde kanskje gjort det. For han var skikkeleg dårleg ned oppløpet og eg visste ikkje om eg skulle halda igjen eller smatta for å få han i mål. På grunn av det dårlege travet vart han rapportert, og dermed ikkje godkjent. Tida var godkjent på 1.37,1, men det hjelper ikkje når dei vert rapportert.

Hage Svarten, foto: Rune Eikeland

Så var det Fin Fyr sin tur. Han skulle ut i eit montéløp. Me hadde 40 meter tillegg, men det var ingen som starta frå strekdistansen og hesten som skulle ha starta frå 20 meter var strøket. Dermed skulle det liggja til rette for at me skulle koma fint til. I det fyrste forsøket, som vart omstart, raste han avgarde då eg snudde opp. Eg rekna med at han kom til å gjera det i den neste starten og, dermed venta eg litt lenger med å snu opp, men då var han ikkje like ivrig. Det resulterte i at me fekk ein dårleg start, og kom til som fjerdehest. Høgda Svarten tok teten og raste avgarde åleine i front i sitt eige tempo. Tempoet vart auka heile vegen. Fin Fyr var rullete i aksjonen, og eg visste ikkje om eg skulle stola på at han haldt travet og berre ri eller om eg skulle passa han.

Då han fekk hest på sida svarte han opp, og han kjempa med dei. Dei som var bak han etter starten, kom aldri forbi. Me låg som fjerde ekvipasje heile vegen, og enda på 4. plass i mål på 1.29,2. Han har ikkje trava fortare enn 28,9 i monté, så dermed må me vera nøgde med innsatsen, sjølv om eg helst skulle ynskja at han viste meir vilje.


Fin Fyr, foto: Rune Eikeland

Kommentarer

Populære innlegg