Gå til hovedinnhold

Innlegg

Fremhevet

Mi meining om dei fysiske testane

Fyrst må eg presisera at dette er mine personlege meiningar, og er ikkje diskutert eller forankra i nokre av styrene eg har verv i. Eg må òg leggja til at eg har vore på alle sider av saka. Fyrst rei eg løp frå 2006 til eg vart mor 6. juli 2014. Eg haldt på å døy etter fødselen på grunn av sjukdom, men klarte å kjempa meg tilbake, og var i form til å ri løp igjen allereie 25. oktober det samme året. Dei fysiske testane var gjeldande frå 1.januar 2015, og på grunn av skader eg fekk under keisersnittet klarte eg ikkje testane, og dermed vart eg utan lisens. Eg trente, mot legens anbefaling, i lang tid og prøvde testane utan å klara det. I februar 2017 klarte eg dei fysiske krava igjen, og har vore i banen sidan det. Så eg har bevist at eg klarer testane, og har vore på alle sider av saka. Med dette som bakgrunn kan du lesa vidare. Eg er nok skuldig i at dei fysiske testane endeleg har komme opp i lyset, og det er blitt ei hjartesak for meg i travsporten. Montésporten gjev meg så mange

De nyeste innleggene

Fantastisk kaldblodsmontéløp!

Damenes dag med Lady

Endelig kaldblodsløp på Forus!

Avsluttar NM med Rasken

Andre NM-løp: Sancus Cox

NM startar med kaldblods

Klar for Noregsmeisterskap i monté!

Rappfots Æresløp 2019!

Sørlandet med ein montédebutant

Spik Lotta i Bergen