Endeleg løp igjen!

Eg har ikkje vore ute i løp sidan 30. juni (og det kan knapt tella sidan eg berre rei ein halv runde), så det var verkeleg på tide med nytt oppsitt. Denne gongen skal eg ri på kjekkasen Nextrem Østervang. Det er eit volteløp på Forus. Han har berre gått eitt montéløp, og då vart me sjenert mange gongar og alt vart feil. Likevel fekk han 7. plass på 19,7. Eg trur han kan ein god del betre enn det, om han er tilbake i slag. Han har slitt veldig med virus i år, og har berre vore ute i tre løp så langt. Han var ute for fyrste gong etter lang pause 15. juli. Då enda han uplassert, men eg reknar med den gjennomkjøringa har gjort han godt. Eg trur ikkje han er heilt i topp slag til dette løpet, men eg synest ikkje det såg heilt avskrekkande ut på førehand. Så eg håper me har litt meir flaks enn sist løp, og unngår for mykje trøbbel. I så fall håpar eg me klarar å få med oss ein fin premie.

Motstanden:
1. Ocean Laser: Står fint til grunnlagsmessig. Har gått nokre greie løp under sal, og kan henga med ei stund.
2. Zenitzia: Ein flott montéhest som alltid er med i toppen om ho går feilfritt. Får ny rytter på ryggen for fyrste gong. Utan galopp kjemper ho i toppen igjen.
3. Grandslam Volo: Vann heilenkelt på 16,6 i sin montédebut over samme distanse. Vinn sannsynlegvis igjen.
4. Nighttrain Shadow: Har vore flink under sal. Får ny rytter på ryggen her, men om han ikkje finn på noko tull undervegs kan han vera på trippelen igjen.
5. Emil Wibb: Finn ofte på mykje tull, men er nok betre på volte enn auto. Malin hadde godt tak på han sist på Forus, og om han går like fint no kan dei få ein ny trippelplassering.
7. Whatwouldtheysay: Vann sist han starta volteløp under sal på Forus. 40 meter tillegg på Grandslam Volo er nesten umogeleg. Men han møter lettare motstand enn han har gjort i sine siste travritt, så då kan han vel kanskje kjempa om ein ny trippelplassering. Vann i sitt siste løp, på Bjerke torsdag 8. august, så formen er på topp.
8. Mack Attack S.E.: Skal prøva seg på voltestart, noko han ikkje er så god på. Han får ny rytter på ryggen òg. Eg har høyrt han er umogeleg å få feilfritt frå start på volte, men kanskje det er lettare med sal på ryggen? Han har nok ikkje tid til å tulla frå 40 meter tillegg.
9. Pikachu C.N.: Møtte hard motstand i sin montédebut, det er lettare i mot no. Men 40 meter tillegg kan nok bli litt for langt.

Startliste:
Løp: 9  #MONTÉLØP #  (ca. kl. 20:58)
MONTÉLØP
Varmblods. 4-12-årige.
2040 m. Monté Tillegg 20 m. ved vunnet 140.000 kr., 40 m. ved 285.000 kr., 60 m. ved 550.000 kr.
Premier: 18.000-9.000-6.000-4.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods      Volte V5-5     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Ocean Laser Ann Kristin Rasmussen 130.682 1.17,2v 1.15,4a
2040 2 Zenitzia Brit Lea 121.500 1.17,5v 1.16,4a
2040 3 Grandslam Volo Kristine Kvasnes 92.500 1.16,6v 1.13,8a
2040 4 Nighttrain Shadow Lise Hjetland 116.865 1.16,7v 1.16,5a
2040 5 Emil Wibb Malin C. Stokke 90.500 1.16,9v 1.16,4a
2060 6 Nextrem Østervang Charlotte Steine 188.200 1.16,5v 1.15,2a
2080 7 Whatwouldtheysay Malin Berås 484.737 1.16,0v 1.12,3a
2080 8 Mack Attack S.E. Siw Helen Bø 410.876 1.17,8v 1.13,8a
2100 9 Pikachu C.N. Ronja Good 612.222 1.13,7v 1.12,9a

Eit bilete Rune Eikeland tok av oss i montédebuten:



Kommentarer

  1. Veldig fin hest. Masse lykke til. :)

    SvarSlett
  2. Ja, det er det :) Han er ein flotting. Håper han er i slag. Takk :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg