6. plass med Stjerne Ask

Stjerne Ask var ein fantastisk flott hest å få ri. Han var litt hissig i periodar i varminga, men gjekk to fine prøvestartar. I volten var han hissig, og me hadde litt kort volte så svingen vart krapp. Eg var litt seint ute med å snu, og då eg fekk snudd opp galopperte han. Like etter starten høyrte eg ein lyd, og det såg rotete ut framføre, så eg trudde det var omstart. Det var det ikkje. Stjerne Ask galopperte håplaust på startsida, og eg trudde me var diska. Sidan me ikkje stod på tavla rei eg etter feltet. Han gjekk ei flott opphenting. I siste svingen burde eg nok drege ut i fjerdespor, men konkurrenten i tredjespor skreik, så eg satsa innvendig. Det vart feil, men me kom fram mellom hestar til ein kjempeflott 6. plass på 1.30,8. Hesten gjorde eit knallbra løp, og hadde vore veldig langt framme utan galopp. Stjerne Ask var ein herleg hest å ri.



Stjerne Ask. Begge foto: Anders Kongsrud, hesteguiden.com.

Kommentarer

Populære innlegg