Todina godkjent for travritt

På tysdag godkjente eg Todina for monté. Ho varma rolig og var veldig fin å ri. Eg likte hesten godt i varminga, men ho blas ein del etterpå. I prøveløpet skulle ho berre gå i rygg på Ness Tjo Alma, og ryggen haldt ho til siste langsida. Då auka Ness Tjo Alma på tempoet og drog frå oss, så Todina mista litt piffen. Men ho haldt ganske godt til mål. Trenaren visste ikkje om ho hadde gått hurtig under sal før, så om det var fyrste gongen var ho veldig imponerande. For ho haldt heilt inn, og med litt meir ridetrening trur eg ho kan bli meget bra. Prøveløpet trava ho på fine 1.32,3.

Biletet under har Rune Eikeland tatt:


Og dette biletet tok Arnfinn Roaldsøy av oss:

Kommentarer

Populære innlegg