Alezan utan premie

Ungdomsløpet forrige tysdag gjekk nesten heilt etter planen. Alezan Labrousse varma heilt okei. Han vart veldig hissig bak startbilen og opna brennhurtig slik at me fekk teten. Det vart trongt inn på fyrste svingen, men han haldt seg i trav. Då Grandslam Volo kom framover fekk han overta. Han sleppte igjen til Invictus. Dermed fekk me fin posisjon i tredje innvendig. På siste bortre langsida kjendes han pigg ut, då gjekk eg ut eit spor. Det fekk eg ikkje positivt svar på, så eg styrte inn i fyrstespor att. Han fullførte til mål, men vart slått like før mål slik at han enda uplassert.

Rune Eikeland tok dette biletet av oss:

Kommentarer

Populære innlegg