Eld Pål i debut

Eg og sambuaren min Stian kjøpte Eld Pål for ein månad sidan, og me har hatt han i tre og ei halv veke. Me kjøpte han i håp om at han kunne vera med litt i både trav og monté her borte på Vestlandet, så no er det klart for det aller fyrste løpet i vår regi. Dette vert fyrste gongen eg rir ein hest eg eig og trenar sjølv i løp, det har eg aldri gjort før.

Eld Pål var nyleg sprøyta då han kom til oss, og eg forstod det sånn at han hadde slitt litt med helsa tidlegare. Han har virka veldig fin i trening, men fungerte ikkje heilt som eg ville i eit hurtigarbeid forrige veke. Så me skal prøva å sko han om til løpet i håp om at han vert litt betre. Han har ikkje starta sidan 30. januar i år, og då var han dårleg på ein tung bane, men løpet før gjekk han godt. Eg trur ikkje han har gått så mykje hurtigarbeid den siste tida, og har berre fått eitt for oss, så eg veit ikkje kvar han står. Me får reisa til Bergen for å prøva sidan han står så fint inne i løpet, men eg er veldig usikker på kvar eg har han. Det skal verta spennande å sjå korleis han er.

Dette vert og mitt aller første autoløp på ryggen til ein kaldblodshest. Så vidt eg veit er det berre Malin, Liv og Martin som har ridd autostart med kaldblods før av rytterane i feltet, så det kan fort enda i veldig mange galoppar på startsida. Med løpet på Sørlandet friskt i minnet, då var det berre to som gjekk i trav på startsida. Eg synest dette er eit opent løp, så det vert spennande å sjå korleis det går.

Motstanden:
1. Skarstad Pia: Ein montédebutant som gjekk prøveløp på 36,3. Har gått nokre gode sulkyløp i periodar, men eg reknar ho ikkje som anna enn premiekandidat fyrste gong ut under sal.
2. Borg Trolla: Gjekk fint i sitt siste montéløp, men var innom galoppen då. Har sannsynlegvis fordel av distansen. Har gått ned på 28,7 i monté, og ho står fint til, så ho kan reknast med ein trippelsjanse utan galopp.
3. Vertigo Bjørn: Debuterer i travritt her. Gjekk prøveløp på 37,0 utan å imponere det heilt store. Han var innom galoppen i prøveløpet, og har tulla seg bort på galopp i nokre travløp den siste tida. Må vera betre enn i prøveløpet for å kjempa i toppen, men grunnkapasiteten er stor.
4. Haukeli Nora: Er ei flink hoppe som gjekk prøveløp på 30,7. Galopperte seg bort i montédebuten. Vanskeleg å seia kor god ho er, men ut i frå prøveløpstida så er det nok litt å gå på. Feilfritt kan ho kanskje blanda seg inn i trippelkampen.
5. Gil Rau Jo: Er ein flink montéhest som stort sett alltid hevdar seg i toppen under sal. Han galopperer sjeldan i monté, og det kan verta ein fordel. Vert fort gløymt av mange spelarar her, men han er nok ein trippelkandidat.
6. Pål Stjernen: Går alltid gode montéløp når han er i slag. Var ikkje fin sist han starta, men er nok behandla og klargjort til dette løpet. Kanskje han treng løp i kroppen for å vera i slag, viss ikkje kan han vinna her.
7. Heffalompen: Har vore variabel og tulla seg bort litt i monté i det siste, men fekk tredjeplass sist han gjekk travritt. Kan nok gå fort på ein sprint om han held seg i trav, og då kan han verta farleg i sigersstriden.
8. Søndre Prinsen: Denne hesten har form. Rytteren rir få løp, men gjorde det godt med denne hesten til 2. plass sist dei starta. Gjekk 25,2 på mellomdistanse i sin siste start, og viser han fram den farten her så er han sannsynlegvis fyrst i mål.
10. Gjerde Åsar: Fekk 4. plass i montédebuten, men enda uplassert sist han starta. Står perfekt inne grunnlagsmessig og har vel sannsynlegvis fordel av distansen. Kan få sin fyrste trippelplassering under sal her.

Startlista:
Løp: 4  MONTELØP  (ca. kl. 19:15)
MONTÉLØP
Kaldblods. 5-15-årige høyest 700.000 kr.
1600 m. Monté Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 18.000-9.000-6.000-4.000-3.000-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Auto V5-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Skarstad Pia Therese Martinsen 324.642 1.26,0v 1.26,8a
1600 2 Borg Trolla Linda Elisabeth Larsen 364.000 1.26,2v 1.26,1a
1600 3 Vertigo Bjørn Victoria Steine 386.000 1.27,8v 1.26,8a
1600 4 Haukeli Nora Elisabeth Storetvedt 410.000 1.27,1v 1.27,3a
1600 5 Gil Rau Jo Evy Katrin Teigen 418.200 1.26,4v 1.25,5a
1600 6 Pål Stjernen Malin Berås 503.500 1.26,7v 1.25,5a
1600 7 Heffalompen Liv Pedersen 510.500 1.26,0v 1.25,4a
1600 8 Søndre Prinsen Sonja Kløften 571.550 1.24,8v 1.24,4a
1600 9 Eld Pål Charlotte Steine 597.384 1.26,2v 1.25,1a
1600 10 Gjerde Åsar Martin Opheim Gløersen 650.750 1.25,4v 1.24,9a

Dette biletet har Øyvind Brusletten tatt av han då han stod på Østlandet:


Kommentarer

  1. Masse lykke til!! Eld Pål er en going som gjør det beste han kan. Håper dere får en fin opplevelse sammen i morgen og noen kroner med hjem. :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg