Ingen suksess i Bergen

Me reiste til Bergen med Eld Pål i hans fyrste løp for oss. Det gjekk ikkje heilt som me håpa. Han hadde vore fin i trening og veldig rolig under hurtigarbeidet. Så på førehand frykta me han skulle verta for lat, men då me skulle ut i varminga endra han temperament. Han var veldig ivrig, så etter to rundar måtte eg ri ut av banen fordi han var vanskeleg å stoppa. Eg tok ein runde ned og opp rettbanen og så ut i banen igjen for å kjenna litt på han rundt ein sving. Då raste han avgarde i eit heftig tempo og kjendes veldig fin ut.

Me sette på eit pullenett for å halda han rolig i defileringa, og då var han meir justerbar. Han har ikkje løyst frå start i dei løpa eg har sett han, men han drog i sjekken og prøvde å springa under vingen bak bilen. Og då bilen sleppte feltet tok han avgarde. Det var mange startraske hestar, så me havna i tredjespor. Han gjekk så godt på bittet at eg lot han gå fram og la meg inn i ledarrygg. Første 500 meter vart passert på 1.22! Så fort har eg aldri opna med kaldblods noko gong. Men han var dessverre ikkje i orden. Så etter 500 meter byrja han slita med travet, og midt i andre sving var han veldig dårlig. Eg klarte å bera han ut til midt på siste bortre langsida, men då var det over og galoppen måtte koma. Dermed vart me diska for galopp.

Det positive var at han i alle fall løyste frå start, men veldig negativt at han ikkje fungerte i travet. Så me har fått fleire til å sjekka han og han skal sprøytast for å prøve å få orden på kroppen igjen. Det er berre å ta nye tak og prøva igjen. Slik er denne sporten, den går opp og ned.

Eirik Blindheim tok dette biletet av oss:


Kommentarer

  1. Veldig kapabel herreman bare han har kroppen med seg.
    Han gikk med skalper bak de to gangenejeg red han. Var alltid hissig rett vei i banen, men alltid rolig på indrebane. Men når det har kommet til defilering og prøvestart var han alltid grei.

    Dere kommer sterkere tilbake!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg