Gjesteoppsitt i Bergen

I morgon tek eg turen til Bergen igjen. Då har eg fått eit gjesteoppsitt på Nordstjernen D.K. Han har vore til sals ei stund, men er framleis på Voss. Eg har høyrt at han er ein hissig type, men eg kjenner ikkje så mykje til han. Han gjekk to fine montéløp før han havna i Bergen, der fulgte han opp med tre sigrar. No er det ei stund sidan han har vore i sigersform. Han vart skada i fjor, men har gått nokre okei montéløp etter det. Han får stort sett alltid premie under sal, så me får prøva å finna ein fin posisjon undervegs slik at me kan prøva å få ein premie.

Motstanden:
1. Nefertiti D.E.: Ein spennande montédebutant som vann i sin nest siste start. Står fint til på strek og kan henga med lenge.
2. Nighttrain Shadow: Leverte eit råflott montéprøveløp på 19,5. Utan galopp er nok dette vinnaren.
3. Fast Brown Talk: Er god nok til ein trippelplassering feilfritt.
4. Shocking Love: Har ikkje gått monté sidan eg vart distansert med han i august 2011. Vann løp i februar, men har ikkje gjort det store etterpå. Rytteren rir sitt fyrste løp, så det er nok premie som gjeld.
5. Gallant Victory: Er ein flink montéhest som har fin form, kan blanda seg i trippelkampen feilfritt.
6. Winning Colors: Ein kapabel montéhest med eit litt vanskeleg gemytt. Utan galopp kan han vera med å kjempa om ein av dei betre premiane.
7. Taipan Bulwark: Kjempar om ein premie.
9. Max Stensbæk: Premiekandidat feilfritt.
10. Hangman: Har sett fin ut i varmingane før dei siste løpa, men det har ikkje gjeve resultat. Har ikkje fullført montéløp sidan desember 2011, så premie er nok målet.
11. Naomi Dryad: Er jamn og flink i monté. Rytteren har godt tak på hesten og dei har gjort fine innsatsar saman. Står perfekt inne grunnlagsmessig. Om strekhestane rotar seg bort kan ho fort vera fyrst på streken med sin gode sluttspurt.
12. Leo One: Går gode løp innimellom, men er vel kanskje fyrst ute etter premie.
13. Knödden Aubiose: 40 meter tillegg vert kanskje for mykje her, men hesten er i fin form og har ein rytter som kjenner han godt. Er god nok til å vera blandt dei fremste.
14. Company Ås: Går jamne, gode løp og er flink under sal. Kjempar om ein fin premie.
15. Santiago: Er ein god montéhest med fin form. Han har 40 meter tillegg på gode hestar, men med litt klaff undervegs kan han kanskje få ein ny trippelplass.

Startliste:
Løp: 6  #MONTÉLØP #  (ca. kl. 20:20)
MONTÉLØP
Varmblods. 4-12-årige.
2100 m. Monté Tillegg 20 m. ved vunnet 90.000 kr., 40 m. ved 270.000 kr., 60 m. ved 810.000 kr.
Premier: 15.000-7.500-5.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Volte V5B-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Nefertiti D.E. Linda Elisabeth Larsen 78.957 1.17,8v 1.16,4a
2100 2 Nighttrain Shadow Kristine Kvasnes 73.365 1.18,6v 1.16,5a
2120 3 Fast Brown Talk Elisabeth Storetvedt 170.500 1.16,7v 1.15,5a
2120 4 Shocking Love Hege Kristin Høyland 109.600 1.17,3v 1.15,5a
2120 5 Gallant Victory Malin C. Stokke 123.950 1.17,5v 1.15,4a
2120 6 Winning Colors Dorte Klimes 213.000 1.19,2v 1.15,4a
2120 7 Taipan Bulwark Henriette Steine 114.500 1.16,9v 1.15,9a
2120 8 Nordstjernen D.K. Charlotte Steine 236.203 1.18,2v 1.15,4a
2120 9 Max Stensbæk Linn Hernar Helgeland 189.913 1.16,0v 1.15,3a
2120 10 Hangman Cecilie Jensen 262.919 1.16,4v 1.14,8a
2120 11 Naomi Dryad Therese Martinsen 265.400 1.16,4v 1.14,5a
2140 12 Leo One Nina Ullestad 354.000 1.18,0v 1.15,1a
2140 13 Knödden Aubiose Caroline L.B. Morken 473.016 1.14,3v 1.12,9a
2140 14 Company Ås Victoria Steine 372.005 1.15,5v 1.13,5a
2140 15 Santiago Julie Grindbakken 592.505 1.15,1v 1.13,1a

 Dette biletet tok eg av han då han stod på Østlandet, her med Siv Emilie Løvvold i salen:

Kommentarer

Populære innlegg