Pay Back i Rekruttserien

Det vart dessverre ingen montéløp på meg på Forus denne søndagen. Me rekna med at Pay Back skulle starta der, for me trudde han skulle passera 200.000 kroner i grunnlag. Det gjorde han ikkje, og då ungdomsløpet var auto, sprint og stengt på 200.000, så måtte me nesten ta han ut der sidan løpet var så fint. Dermed skal eg ut å køyra Pay Back igjen. Det kan fort bli vårt siste ungdomsløp saman, for løpa går sjeldan høgare opp enn 200.000 i grunnlag.

Vanlegvis ville eg hatt litt ambisjonar med han i eit løp som dette, men no kjem han ut etter pause. Han har hatt pause i over ein månad no, og han har aldri gått eit godt løp for oss etter pause før. Så eg mistenker at han alltid treng løp i kroppen for å koma i gang. Me fekk heldigvis eit fint spor, så då får me køyra på sjanse. Han er behandla sidan sist løp, så eg håpar sjølvsagt at han skal gå godt. Men me får ta det som det kjem og køyra på hans premissar, så får me håpa at det held til premie.

Motstanden:
1. Ami's Queen: Jamn og flink hest med fin form. Kan få rett løp frå denne utgangsposisjonen og speedar fort til slutt då.
2. Novak Bi: Ein flink hest som går jamne løp. Møter ikkje den verste motstanden her, så kan kanskje få ein trippelplass.
3. Thai Offshore: Eg mistenker at denne hesten kjem ut i ny regi, sidan kusken òg var meldt på Hanna Banker. Det er ein god hest som står fint inne grunnlagsmessig, så eg reknar med han skal vera med i toppen, sjølv om han har hatt tre månaders pause sidan siste starten.
4. Leo Brodde: Har berre gått eitt løp sidan oktober, og no er det ein månad sidan den starten. Usikker form, så det er vel kanskje ein premiekandidat i fyrste omgang.
5. General Liberty: Gjekk godt nest sist og går jamnt i premiane. Han ser litt vanskeleg ut, men om han skal gå i trav kan han sikkert vera med å kjempa om ein trippelplass i dette feltet.
6. Leia Brodda: Har ikkje starta så mykje den siste tida, men kusken kjenner nok hesten godt frå trening og ho er flink til å få fart på hestane. Har lågt grunnlag i forhold til konkurrentane.
7. Tamaran: Overraska meg positivt i sin siste start, om den formen er intakt så skal han reknast i toppen igjen.
8. Dickie Dick Dickens: Er god når han trakkar avgarde i rett gangart. Feilfritt kan han vinna.
10. Peter Plys: Har ikkje fått premie sidan november, så eg reknar med at det er målet denne gongen.
11. Kings Way: Ein flink hest som øydelegg mykje for seg sjølv med galoppar. Utan galopp kan han vera langt framme, sjølv frå ein vanskeleg startposisjon.
12. Harmony Ribb: Vann løp i september, men har berre vore femte som best etter det. Vanskeleg utgangsposisjon. Sannsynlegvis ein premiekandidat. Eg hadde oppløpsfight med kusken sist eg kjørte Pay Back, og den gongen køyrde han òg ein hest ingen hadde tru på.

Startlista:
Løp: 5    (ca. kl. 19:06)
Varmblods. 3-12-årige høyest 200.000 kr. samt 3-12-årige norskfødte høyest 245.000 kr.
1600 m. Autostart.
Premier: 20.000-10.000-7.000-5.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V65-4     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Ami's Queen Silje Jessen 216.000 1.15,5v 1.15,5a
1600 2 Novak Bi Siw Helen Bø 152.755 1.17,0v 1.14,4a
1600 3 Thai Offshore Kim Pedersen 231.000 1.16,7v 1.13,4a
1600 4 Leo Brodde Henning N. Horpestad 109.303 1.17,1v 1.15,3a
1600 5 General Liberty Johan Kringeland Eriksen 214.500 1.17,1v 1.15,5a
1600 6 Leia Brodda Therese Martinsen 97.423 1.16,2v 1.14,8a
1600 7 Tamaran Mats Gunnar Ringberg 158.600 1.17,1v 1.14,4a
1600 8 Dickie Dick Dickens Morten Erga 167.000 1.17,5v 1.15,6a
1600 9 Pay Back Money Charlotte Steine 196.558 1.16,0v 1.14,6a
1600 10 Peter Plys Ronja Good 100.010 1.21,7v 1.15,9a
1600 11 Kings Way Stian Øksnevad 182.100 1.16,2v 1.14,0a
1600 12 Harmony Ribb Joakim Rasmussen 130.730 1.16,0v 1.15,4a



Eit bilete av oss som Arnfinn Roaldsøy tok i desember:

Kommentarer

Populære innlegg