3. plass med Pay Back

I går køyrde eg Pay Back Money i eit rekruttløp på Forus. Han kom ut etter ein liten pause, så eg hadde ikkje dei store forhåpningane på førehand. I varminga var han roleg og kjendes veldig fin ut, så då steig forhåpningane litt.

Me hadde bakspor, og eg valgte ryggen til nummer ein for å ligga på innersporet med ein gong. Meininga var å gje han eit fint løp etter pause og køyra på sjanse. Det gjekk roleg føre seg i front, og eg vart sitjande i fjerde innvendig. Han kjendes fin ut, så eg kunne tenkt meg å køyra ut på siste bortre langsida, men fekk akkurat ikkje nok opning til at eg tørde ta sjansen på å gå ut eit spor. I siste svingen gjekk hesten før oss ut eit spor, så eg kom fram i tredje innvendig. Den dødenstravande hesten stoppa ut av siste svingen, så eg fekk luke på oppløpet. Pay Back speeda flott og hadde full fart over mål. Me fekk med oss ein finfin 3. plass på 1.16,3. Det er fyrste gongen han har gått godt etter pause for oss, så det var kjempedeilig! Han var ikkje sliten etter løpet heller, så det var veldig positivt.

Dette biletet tok Arfinn Roaldsøy, fotobertil.net, av oss i varminga:
Og eit bilete frå prøvestarten, tatt av Rune Eikeland:

Kommentarer

Populære innlegg