5. plass med Ingerøvin

I tillegg til prøveløpet på Todina, rei eg løp på Ingerøvin på Forus tysdag. Det var mitt 150. løp i karrieren, og det enda med 5. plass.

På førehand fekk eg høyra at Ingerøvin var hissig og pleide berre få gå som han ville i varmina, men med både kryssnasereim og pullenett var det ingen problem. Han var roleg heile varminga. Eg kjende litt på han ein sving, og han virka veldig fin.

Startsida er visst hovudproblemet hans, men eg testa han litt i prøvestarten og då løyste han godt. Så eg stramma sjekken endå litt meir for å vera på den sikre sida. Då starten gjekk løyste han godt, men sidan eg fekk beskjed om at han kunne vera vanskeleg gjennom fyrste svingen valgte eg å ri safe og halda eit ok tempo så han gjekk i trav. Det gjekk fort med tethesten heile vegen, og me vart passert av dei beste konkurrentane på siste bortre langsida. Inn på oppløpet drog eg skylappane, og då gav han heilt opp. Så det skulle eg nok ikkje gjort. Eg fekk fiska dei opp att før mål, og heldigvis var me så langt framføre dei andre at han haldt inn til 5. plass. Tida vart 1.30,9. Eigarane var strålande nøgde, så då kan eg ikkje vera anna eg heller.

Desse bileta tok Rune Eikeland av oss:
Varming.



Og dette biletet tok Arnfinn Roaldsøy i prøvestarten:

Kommentarer

Populære innlegg