Ingen premie i Bergen

I går rei eg Nordstjernen D.K. i Bergen. Han var rolig i varminga, og kjendes fin ut då eg sette fart på han nokre hundre meter. Det var ein del passgang i han, men han tok travet så lenge han fekk litt meir tøylar. I prøvestarten galopperte han i svingen, så eg vart litt usikker på han då. Etter å ha justert sjekken litt så rekna eg med det skulle gå fint.

Det vart veldig mykje volting før rytterane fann sine plassar og startplata vart sett i gang. I to forsøk stod baksporhestane i vegen for min motsatte volte på 20 meter tillegg, så det vart berre rot. I det tredje forsøket, med ein av hestane i bakspor bortvist, fekk eg plassen eg skulle ha, trefte perfekt og hadde god fart, men det vart dessverre omstart igjen. Då var det over for Nordstjernen. Han tok ikkje eit skikkelig travsteg i volten i dei neste omstartane og den gyldige starten. Det var berre passgang og kort galopp.

Eg fekk han ned i trav att, men me tapte for masse. Han tok att feltet, men inn på oppløpet kjendes det ut som han trakka gjennom på eine framfoten. Eg klarte bera han inn til mål, men rett etter målstreken slo han over i kort galopp og då trava han ikkje eit steg etterpå. Dessverre mistenker eg at han vart plaga av den gamle gaffelbåndskaden han fekk i fjor. Eigaren var einig og meinte at han skulle sleppa meir, så då vert han sannsynlegvis dressur- og kosehest på fulltid.

Dette biletet tok Jill Helle av oss i defileringa:

Kommentarer

Populære innlegg