Gjesteoppsitt i mitt 150. løp

På tysdag skal eg ut i mitt 150. løp i karrieren. Denne gongen har eg fått gjesteoppsitt på Tom Erga-trente Ingerøvin. Han har gått jamleg gode tider i det siste og plukka med seg nokre premiar, men eg kjenner ikkje noko meir til hesten enn det eg har sett han i banen. Han ser ikkje ut til å vera så startrask, men togar og går heile vegen ser det ut til. Så eg får prøva å ri i trav og få ein posisjon undervegs. Så får målet vera å ri inn til ein premie. Hesten skal starta på Sørlandet på søndag, så det vert tette løp. Han har heller ikkje gått monté sidan desember 2011, så kanskje han synest det er kjekt igjen?

Motstanden:
1. Knøttlita: Montédebutant som gjekk prøveløp på 42,1. Har gått ein del hurtigarbeid under sal, men eg trur kanskje dette vert litt for tøft.
2. Solebriska: Ein jamn og flink montéhest som står fint til på strek. Kan leda veldig lenge, kanskje heilt til mål?
3. Ølmer: Vann sitt siste montéløp, der berre to av hestane gjekk feilfritt. Har galoppert ein del, men gjekk godt for denne rytteren sist. Feilfritt kan han kjempa om ein ny trippelplass.
4. Huldre Klaff: Har to fjerdeplassar som beste resultat i monté, men har ikkje gått mellomdistanse sidan prøveløpet. Har hatt nokre månader pause, men har fått eit løp i kroppen etter det. 40 meter tillegg kan kanskje bli for tøft?
6. Eldfri: Fungerte ikkje som best i sin montédebut for meg og vart distansert då. Har ikkje vist det store i sulkyløp den siste tida heller. Må vera forbetra for å få premie.
7. Tøffe Toft: Vann i debuten i ny regi og gjorde det på ein fin måte. Skal normalt ha fordel av at det er lengre distanse og har veldig god rytter. Jaktar nok på ein ny siger, sjølv om 60 meter er langt tillegg om Solebriska held tempoet oppe i front.
8. Moi Elden: Står oppført med Tom Erga som trenar, så han kjem ut i ny regi. Det kan slå positivt ut med miljøforandring på ein gammal hest. Har langt tillegg og har galoppert mykje i monté. Men han har vore på trippelen frå langt tillegg før under sal.
9. Ramstad Eld: Gjekk godt for Kristine på Klosterskogen. Sidan ho vel denne hesten, så er det nok fordi ho har tru på at han kan henta seg ein ny fin premie. Har ikkje gått mellomdistanse under sal før, men med så langt tillegg er nok det berre ein fordel. Kan nok kjempa om ein trippelplass i dette feltet.

Startliste:
Løp: 7  Ponnigruppas monteløp  (ca. kl. 20:20)
MONTÉLØP
Kaldblods. 5-15-årige.
2040 m. Monté Tillegg 20 m. ved vunnet 165.000 kr., 40 m. ved 330.000 kr., 60 m. ved 570.000 kr., 80 m. ved 1.000.000 kr.
Premier: 18.000-9.000-6.000-4.000-3.000-(3.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte V5B-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Knøttlita Lena Høiland 77.000 1.29,8v 1.33,7a
2040 2 Solebriska Martine Finsand 84.500 1.31,6v 1.29,9a
2060 3 Ølmer Katrine Olsen Wågenes 200.000 1.29,1v 1.29,7a
2080 4 Huldre Klaff Eirin Bjerland Vinvand 425.503 1.27,6v 1.25,4a
2080 5 Ingerøvin Charlotte Steine 479.500 1.26,8v 1.25,1a
2080 6 Eldfri Lise Hjetland 356.650 1.26,5v 1.25,9a
2100 7 Tøffe Toft Malin Berås 605.450 1.25,3v 1.25,1a
2120 8 Moi Elden Anette Selliken 1.621.425 1.22,9v 1.21,1a
2120 9 Ramstad Eld Kristine Kvasnes 1.287.762 1.23,1v 1.21,1a

Dette biletet tok eg av Ingerøvin i hans nest siste start på Forus:


Kommentarer

Populære innlegg