TGN-serien på Sørlandet

I morgon tek eg turen til det blide sørland med stallhesten Pay Back Money. Eg skal kjøra han sjølv i eit ungdomsløp som inngår i TGN-serien. Pay Back har veldig fin form på tida. Han vann sist han starta på Sørlandet, men  han er avhengig av å få det rette løpet for å stikka nasen fyrst i mål. Eg kjenner ikkje konkurrentane, så det er vanskelig å vurdera kor langt han rekk i dette selskapet.

Motstanden:
1. Grey Man: Er rask frå start, men det er ikkje så lett å forsvara teten frå innerspor på Sørlandet. Er kanskje ikkje i like god form som tidligare, men går jamnt med gode løp.
2. Goldie Win: Har eg ikkje lagt merke til i løpsbanen, og står med litt skral rad. Er kanskje ein premiekandidat her?
3. Photomaker: Ser ut til å vera ein hest som galopperer masse. Vann i sin nest siste start på god tid på distansen og kan sikkert kjempa i toppen i dette feltet.
4. Chocopologie: Ein Hamre-hest. Dei plar vera i fin stand når dei kjem ut, så eg vert ikkje overraska om dette er vinnaren.
6. Coeur Photo: Ut frå resultata ser han ut til å vera ein hest som jamleg får fine premiar.
7. Olivia Park: Er litt variabel ut frå resultata, men er kanskje ein trippelkandidat her.
8. Alfi Prelong R.R.: Jamn og flink hoppe som stort sett alltid går godt til mål. Fekk 2. plass sist Susanne køyrde ho. Med rette løpet kan ho fort koma langt opp på lista, kanskje kusken kan få sin fyrste seier i karrieren?

Starliste:
Løp: 4    (ca. kl. 18:45)
Varmblods. 3-12-årige høyest 195.000 kr.
2140 m. Autostart.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V5-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2140 1 Grey Man Silje Jessen 153.000 1.18,6v 1.15,3a
2140 2 Goldie Win Martine Finsand 127.500 1.17,4v 1.14,5a
2140 3 Photomaker Lars Kristian Løkken 132.000 1.18,3v 1.15,2a
2140 4 Chocopologie Amanda Øien 160.592 1.16,9v 1.14,5a
2140 5 Pay Back Money Charlotte Steine 168.558 1.16,0v 1.14,6a
2140 6 Coeur Photo Marius Høitomt 133.000 1.16,9v 1.16,6a
2140 7 Olivia Park Adrian Solberg Akselsen 187.707 1.18,7v 1.14,0a
2140 8 Alfi Prelong R.R. Susanne Ohme 171.500 1.16,0v 1.14,9a

Eit bilete Arnfinn Roaldsøy har tatt av oss:


Kommentarer

Populære innlegg