TGN-serien på Forus

I dag skal eg køyra rekruttløp igjen. Denne gongen er det eit gjesteoppsitt på den 9 år gamle vallakken Come Pete. Han har to andreplassar, to tredje og fire premiar på tolv startar i år og har trava 14,2. Han spurta veldig godt ned oppløpet i sin siste start til andreplass. Me har fått eit fint spor sidan me har niande spor. Då kan han fort få eit fint løp, og kanskje han kan bruka speeden sin til slutt endå ein gong.


Motstanden:
1. Lucky Hillman: Har urutinert kusk, men han fekk fjerdeplass med hesten nest sist. Kan få ei fin reise frå førstesporet.
2. Orri Bee: Har ikkje vist det heilt store i ny regi, så han er kanskje ein premiekandidat her.
3. Top Line: Er ein flink hest som jamleg går gode løp. Har fått eitt løp i kroppen etter lang pause, så er nok forbetra til dette løpet. Trippelkandidat.
4. Strong Alone: Flink hest som kjemper i toppen i dette løpet.
5. Grey Man: Gjorde eit pangløp til seier på Sørlandet i sin siste start. Får han teten kjempar han godt.
6. Yorath Boko: Gjekk godt nest sist, men galopperte sist. Feilfritt er han god nok til å kjempa om ein trippelplass.
7. T.T. Dynamic: Har ikkje vist form den siste tida, så han er nok ute etter premie her.
8. Ådra Hornline: Nykommar hjå stall Tengsareid. Vanskeleg å vurdera kor god ho er, men ho kjem med fem andreplassar frå Sverige i år. Vanskeleg startspor, men med rett løp er nok hesten brukande.
10. Venetian Woman: Går nokre gode løp innimellom. Har ein av dei beste kuskane i feltet og kan tjena mykje på det.
11. Giant Gold: Har dårleg utgangsposisjon og ikkje noko særleg god form, men slår til innimellom. Jaktar nok i første omgang ein premie.
12. Cryptonite: Har gode resultat annakvart løp i raden. Står vanskeleg inne, men kan kanskje dukka opp på trippelen om alt løyser seg undervegs.


Startliste:
Løp: 5    (ca. kl. 19:40)
Varmblods. 3-12-årige høyest 150.000 kr samt 3-12-årige norskfødte høyest 190.000 kr.
1600 m. Autostart.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V5-4     V5B-1     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Lucky Hillman Joakim Rasmussen 131.000 1.16,9v 1.15,2a
1600 2 Orri Bee Susanne Evensen Rasmussen 134.593 1.15,3v 1.15,3a
1600 3 Top Line Linda Bø 128.852 1.17,2v 1.15,7a
1600 4 Strong Alone Lars Kristian Løkken 122.000 1.18,8v 1.14,6a
1600 5 Grey Man Silje Jessen 167.000 1.18,6v 1.15,2a
1600 6 Yorath Boko Henning N. Horpestad 100.368 1.16,0v 1.15,2a
1600 7 T.T. Dynamic Morten Erga 121.800 1.16,2v 1.15,7a
1600 8 Ådra Hornline Siw Helen Bø 95.234 1.16,5v 1.14,5a
1600 9 Come Pete Charlotte Steine 160.100 1.16,0v 1.14,2a
1600 10 Venetian Woman Mats Gunnar Ringberg 123.600 1.15,3v 1.13,9a
1600 11 Giant Gold Christiane J. Kristiansen 157.600 1.16,7v 1.15,4a
1600 12 Cryptonite Marita Bjelland Skjæveland 49.500 1.18,4v 1.15,0a


Eitt bilete av han:

Kommentarer

Populære innlegg