Gjesteoppsitt på Options Blue Chip

På tysdag skal eg endelig ri løp att. Eg har ikkje ridd sidan løpet i Bergen 28. juni, så no er det på tide å koma i gang att. Då innmeldingslista kom, hadde eg ingen hest å ri. Seint på tysdagskvelden fekk eg telefon om eg ville ri Options Blue Chip i montéløpet på Forus. Sjølvsagt sa eg ja til det. Eit flott oppsitt å få ein sein kveld.

Options Blue Chip er ein fem år gammal hingst som har to montéløp bak seg. Prøveløpet gjekk han på 1.18,5. Montédebuten enda i ein knallsterk siger på 15,8 på volte mellomdistanse. I det andre montéløpet han har gått vart han sjenert på startsida slik at han galopperte. Etterpå fullførte han godt til 2. plass på 1.18,0. Kristine Kvasnes har ridd han alle tre gongane. Denne gongen har han 20 meter tillegg og har spor tre i volten. Det er fire hestar på kvart tillegg. Med dei resultata Options Blue Chip har hatt i monté tidligare, så skal han kunna kjempa om trippelplass igjen om han går like godt for meg som han har gjort for Kristine.

Motstanden:
1. Wendy Pride: Debuterte i monté på Sørlandet på 1.18,1 på sprint med autostart. Vanskeleg å vurdera her, men må nok kanskje vera eit hakk betre for å kjempa i toppen her.
2. Gallant Victory: Har gått veldig mange prøveløp under sal for at rytteren skulle få lisens og har ikkje vist det heilt store. Vart sjølv godkjent på 22,2. Går betre med hestar rundt seg enn åleine, og kjempar nok om ein premie fyrste gong ut.
3. Habana Girl: Gjekk 22,9 i prøveløp og er vanskeleg å vurdera. Står på strek. Gode konkurrentar jagar frå tillegg, så det er vel kanskje premiesjanse fyrste gongen under sal.
4. Zenitzia: Har gått fleire gode montéløp og har fått premie i alle startane sine. Kan fort leda dette løpet lenge. Har gått 17,8 på distansen og kjemper nok om ein av dei beste plasseringane igjen.
5. Kjell Bjarne: Han har gått to montéløp, som har resultert i ein siger og ein sjetteplass med galopp. Har sett ut som ein fin montéhest. Han kan fort kjempa om ein trippelplass her.
6. Casawee: Har ikkje vist det heilt store under sal så langt, rytteren er urutinert og hesten står med ein skral rad. Kjemper om premie.
8. Sugar Alcore: Kristine valgte å ri denne, så det er nok ein hest ho har ambisjonar med. Såg fin ut i prøveløpet han gjekk på 1.18,6. Har den beste rytteren, så han skal reknast med vinnarsjanse sjølv i debuten.
9. Kings Centaurus: Er ein jamn og flink hest som stort sett alltid raskar med seg fine premiar i monté. Vart bortvist frå start sist han gjekk med spor ein i volten, fekk tredje sist han gjekk voltestart. Hesten er god nok til å vinna, men har tillegg på gode hestar.
10. K.L.M. Kilroy: Gjekk ny rekord i sin siste montéstart for samme rytter, så formen er nok grei. Står dårlig inne og har urutinert rytter. Premiekandidat.
11. Ronald Star: Har ikkje vist seg fram under sal endå. Ein hest som er vanskeleg å få feilfritt rundt. Han er nok betre enn han har vist, men er nok ein premiekandidat med urutinert rytter og langt tillegg.
12. Digital Charcoal: Har berre gått to montéløp med ein tredje og ein femte som resultat. Gjekk 15,1 i sin siste start, så det er nok ein hest som kan litt under sal. Rytteren kjenner nok hesten frå trening, men dei har langt tillegg. Med maks klaff kan dei kanskje få ein trippelplassering.

Startliste:
Løp: 3  Montéløp   (ca. kl. 18:50)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige.
2040 m. Tillegg 20 m ved vunnet 100.000 kr., 40 m ved 350.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Volte V5-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Wendy Pride Lise Hjetland 29.500 1.19,4v 1.16,6a
2040 2 Gallant Victory Malin C. Stokke 97.750 1.17,5v 1.15,4a
2040 3 Habana Girl Siw Helen Bø 81.500 1.17,1v 1.15,9a
2040 4 Zenitzia Anette Selliken 96.000 1.17,5v 1.16,4a
2060 5 Kjell Bjarne Monica Refsland 257.500 1.16,2v 1.13,3a
2060 6 Casawee Annette Tjelland 161.500 1.15,5v 1.15,7a
2060 7 Options Blue Chip Charlotte Steine 174.630 1.15,7v 1.14,0a
2060 8 Sugar Alcore Kristine Kvasnes 197.500 1.16,9v 1.15,4a
2080 9 Kings Centaurus Kari Anne Knutsen 676.393 1.15,5v 1.13,3a
2080 10 K.L.M. Kilroy Ida Jansen 376.000 1.16,5v 1.14,6a
2080 11 Ronald Star Sanna Svendsen 1.102.670 1.14,2v 1.12,8a
2080 12 Digital Charcoal Linn Isaksen Frøysland 842.164 1.13,7v 1.12,7a


Nokre bilete eg tok av han i prøveløpet:


Kommentarer

Populære innlegg