Eggen Prins godkjent for monté

Eg har gløymt å skriva etter eg rei One Hot Minute i Bergen. Det gjekk ikkje så bra. Han var veldig dårlig og stoppa etter 1500 meter, slik at han vart distansert. Etter det løpet har eg ikkje vore i banen på over ein månad.

I går var eg i løpsbanen igjen etter "frimånaden". Målet var å godkjenna Eggen Prins i monté. Me var åleine i prøveløpet, og han er ein litt lat type som helst skal gå i rygg. Eg rekna med han skulle klara kravet greit, men trudde ikkje han kom til å ta avgarde. Han løyste greit frå start, og eg rei med klokke for å ha kontroll på tida. Første 500 meter stoppa på 1.41, noko eg ikkje forstod fordi eg trudde eg rei fortare. Og det gjorde eg, for me stod på 20 meter tillegg. Han fullførte prøveløpet på ein fin måte og gjekk i jamn fart heile vegen. Eg drog ikkje hetta eller skylappane, for det er ikkje naudsynt så lenge me klarer kravet med god margin. Han vart godkjent på 1.34,6.

Sjølv om eg ikkje har ridd på ei stund, synest eg sitsen min held seg. Her er nokre bilete Rune Eikeland tok av oss:





Kommentarer

Populære innlegg