Rappfots Æresløp med montédebutant

Endelig er det klart for at eg skal få ri Rappfots Æresløp igjen. Eg har ridd løpet nokre gongar før, og det er stas å få vera med i løpet der alle defilerande hestar får dekken. Vinnaren plukkar med seg 30.000 kroner, flotte pokalar og laurbærkrans.

I år skal eg ri Eggen Prins. Han skal ut i sin montédebut, så eg er veldig spent på å sjå korleis han fungerer saman med andre hestar under sal. I sin siste sulkystart fekk han ikkje premie, men gjekk han ny rekord på 1.26,0! I montéprøveløpet trava han 34,6 åleine på gjørmebane. Han tek seg ikkje ut når han går åleine, og har heller ingen fordel av gjørme. Så eg reknar med han kan gå fortare enn det. Sprintdistanse og volte er begge ein klar fordel for Prins, men eg veit ikkje kor langt han kan nå. Me står på 20 meter tillegg og det er gode hestar på tillegg, så det vert eit spennande løp. I travløp er han avhengig av rygg, men heng ofte med heilt til mål, sjølv om det vert tempo. Så eg håper han trivs i monté og at han i så fall kan få seg ein fin premie.

Motstanden:
1. Gosengutt: Gjekk eit veldig bra løp i montédebuten til 3. plass over 2100 meter. Eg vil tru han har fordel av distansen, og han står åleine på strek. Om han får fred i front og held oppe tempoet, kan han fort leda veldig lenge.
2. Sivfrøkna: Er ein flink montéhest, men ho galopperer ein del. Har mange trippelplasseringar, ho går nok fort på ein sprint og har fordel av å ha 20 meter forsprang på dei verste konkurrentane. Så lenge ho held seg til rett gangart kan ho fort dukka opp i trippelkampen igjen.
3. Lundhaug Lars: Gjekk eit godt løp til seier i mai, men har ikkje fått til det store den siste tida. Han står med to distansert på rad, så han er nok i første omgang ein premiekandidat her.
4. Prins Omer: Har gått nokre gode montéløp og fått fine plasseringar. Malin får stort sett fart på alle hestane, så han skal reknast i trippelkampen.
6. Are Odin: Ein spennande montédebutant. Gjekk prøveløp på 35,0. Han har vist veldig god form etter han vart flytta til Hans Christian Holm og har gått mange fine løp. Om han likar seg under sal kan han fort enda langt framme.
7. Umulius: Siv Emilie har vore nestan uslåeleg etter ho bytta drakt og har ein knall rytter-/kuskeform for tida. Begge dei to løpa ho har ridd på Umulius har enda med siger. Umulius vann dette løpet i 2010. Han står litt vanskelegare til på 40 meter tillegg, men får nok eit fint løp og skal reknast med sigerssjanse her.
8. Doktor Jaros: Han vart diska for galopp i sin montédebut, men gjekk fint på 35,6 i prøveløpet. Det blir veldig spennande å sjå Kristine på ryggen hans. Det kan fort vera sigersgivande trekk. Hesten har fin form og god rytter som alltid treffer starten. Det tener ho mykje på.
9. Bottolf: Montédebutant som gjekk prøveløp på 31,7, med tanke på dette løpet. Det er vanskeleg å plassera han inn i løpet, men han har gått nokre gode travløp den siste tida.
10. Gil Rau Jo: Har gått på beite og er nyleg komen inn der ifrå. Kjemper alltid godt under sal og er stort sett alltid langt framme. Det er hardare motstand enn han plar møta, men om han ikkje har tapt seg for mykje på ferien sin, så kan han fort kjempa høgt oppe med det rette løpet.
11. Max Reodor: Har eg ikkje lagt merke til i løpa, men han har gått jamnt i premiane. Står  fint inne grunnlagsmessig, men møter kanskje for hard motstand til å vera noko anna enn ein premiekandidat.
12. Argr G.: Kari Anne har sagt at ho skal vinne dette løpet med Argr G. Han er ein hissig type og om ho treffer starten satsar ho framover direkte. Om han kjempar heilt inn kan han blanda seg i toppen.
13. Tjuragutten: Står perfekt til grunnlagsmessig og han vann sitt siste montéløp med Liv Pedersen på ryggen. Står litt vanskelig til på 40 meter tillegg og bakspor, men om det løyser seg så er Liv ein av dei beste til å finna målstreken først.
14. Høiby Krissa: Har to premiar i monté, og står vanskelig til. Er nok ein premiekandidat.
15. Borg Trolla: Ein montédebutant som såg veldig fin ut i prøveløpet for Kristine. Det er vanskeleg å henta tillegg frå bakspor på ein sprint, men ho tåler å gjera jobben sjølv i sulkyløp. Om ho er like bra i monté kan  ho henta seg ein fin premie her.

Startliste:
Løp: 1  Rappfots Æresløp  (ca. kl. 13:50)
Montéløp. Rappfots Æresløp
Kaldblods. 5-15-årige høyest 400.000 kr.
1600 m. Tillegg 20 m ved vunnet 100.000 kr., 40 m ved 200.000 kr.
Premier: 30.000-15.000-9.000-6.000-4.000-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Gosengutt Caroline L.B. Morken 92.500 1.29,5v 1.30,8a
1620 2 Sivfrøkna Line Gundersen 187.337 1.28,7v 1.28,3a
1620 3 Lundhaug Lars Mari Løve 153.500 1.29,2v 1.29,6a
1620 4 Prins Omer Malin Berås 151.800 1.29,8v 1.28,0a
1620 5 Eggen Prins Charlotte Steine 179.765 1.26,9v 1.26,0a
1640 6 Are Odin Silje Hogner 333.000 1.27,0v 1.25,5a
1640 7 Umulius Siv Emilie Løvvold 276.000 1.29,1v 1.26,0a
1640 8 Doktor Jaros Kristine Kvasnes 294.000 1.27,8v 1.26,8a
1640 9 Bottolf Stine-Beate Hjartholm 305.000 1.26,1v 1.26,3a
1640 10 Gil Rau Jo Victoria Steine 380.200 1.26,9v 1.26,5a
1640 11 Max Reodor Tone Sletsjø 341.500 1.27,6v 1.25,5a
1640 12 Argr G. Kari Anne Knutsen 276.616 1.29,9v 1.25,3a
1640 13 Tjuragutten Liv Pedersen 382.532 1.27,8v 1.25,1a
1640 14 Høiby Krissa Sanne Svinningen Vereide 261.265 1.27,4v 1.26,8a
1640 15 Borg Trolla Renate Aarlie 346.500 1.26,2v 1.26,1a

Eitt bilete av oss frå prøveløpet, tatt av Elli Larsen:

Kommentarer

Populære innlegg