Svak prestasjon

Options Blue Chip var ein av dei hestane spelarane hadde mest tru på i tysdagens montéløp på Forus. Han varma i sulky, så eg fekk ikkje kjent noko særleg på han før løpet. Men eg jogga to rolige rundar på innerbanen før defileringa, og då kjentes han mjuk og fin ut. I prøvestarten verka han og veldig bra.

Me fekk ein dårleg start, for han gjekk og bremsa litt i volten. Då me kom i gang tok han greit tak i det, så eg rei framover som førstehest i andrespor, i eit slags tilbaketrukket dødens. Klokka mi viste 15-16-fart undervegs, og det trudde eg han tålte etter dei løpa eg har sett han for Kristine. Nedover første langsida kjentes han halt ut, men det gjekk over. Allereie etter ein runde kjende eg at han ikkje var på topp for dagen. Han svarte ikkje då me fekk hest på sida, men hang med eit stykke. Då me nærma oss oppløpet var det ikkje mykje energi att, og mot mål tapte me premien i det fleire konkurrentar passerte oss. Me enda uplassert på 1.20,2. Så dårleg er han ikkje. Ein av eigarane trudde han hadde blitt såleøm undervegs og kunne fortelja at hesten ikkje vil ta seg ut når han ikkje er 110% i orden. Han skulle sjekkast opp, så han er nok i fin stand neste gong han kjem til start.

Nokre bilete Rune Eikeland tok av oss:
 Jogg på indrebane før defilering.

Prøvestart.
Prøvestart.

Kommentarer

Populære innlegg