2. plass i mitt fyrste langløp

19. august rei eg mitt aller første langløp i karrieren. 2600 meter med autostart. Eg hadde ikkje hest på startlista, men fordi ein av rytterane ikkje kunne ri fekk eg tilbodet. Dermed satte eg meg opp på Giant Augustinu, hesten med minst grunnlag i feltet og dermed førstespor. Så på førehand hadde eg ikkje dei store forhåpningane, sjøl om eigaren meinte han hadde fordel av distansen.

Giant tulla litt bak bilen, men eg fekk han på betre tankar og då starten gjekk trava han heldigvis. Me havna i tredje innvendig, som etterkvart vart til fjerde innvendig. Der låg eg dei første rundane. Han kjendes veldig pigg ut heile vegen, men dei rei i variabelt tempo, så kvar gong eg tok i han rista han i hodet. Dermed måtte eg prøva å halda litt avstand heile vegen, men samtidig forsvara posisjonen min. Inn på siste svingen kjendes han framleis fin ut, så eg valte å angripa. Når eg krøyp saman i den siste svingen skaut han fart og runda konkurrentane ein etter ein. Tethesten, som hadde fått nokre lengder i forsprang, var den einaste me ikkje klarte å ta igjen. Han stoppa i det eg jaga litt på han, så han var nok trøytt. Likevel gjorde han ein fin innsats til 2.plass.

Eg var nøgd med min eigen form og. Det var artig å få ri så langt, og eg greidde det overraskande greit.

Eit bilete Olav Lunde, Travtanker.com, tok av oss ved målpassering:

Kommentarer

Populære innlegg