3. plass med Come Pete

Tysdag 21. august var eg ute i TGN-serien på Forus. Då sat eg bak Come Pete. Han var veldig hissig i varminga og i prøvestarten. Då starten gjekk løyste han godt og følgde med i ryggane, og fekk ein fin posisjon, men det vart blåst omstart. Eg fekk stoppa han, og då me prøvde i den neste starten hadde han mista den "piffen" han hadde i fyrste starten. Så han sleit med å hengja med. Dei køyrde fort i tet, og det vart strekk i feltet. Eigentleg skulle eg sitja i andrespor heile vegen, men etter å ha blitt "skubba" inn i førstespor av to konkurrentar fann eg ut eg kunne køyra der. Dei fleste låg i andrespor så eg kom fram i fjerde, så tredje innvendig. På siste bortre langsida var det langt fram, men eg gjekk ut i andrespor og han jobba seg framover. Dei to tethestane hadde for opna første 1000 meter på 1.12,8 og hadde mykje forsprang, men Come Pete gjekk inn til ein fin 3. plass på 16,2. Eigarane var nøgde med det, sjølv om ikkje løpsopplegget vart slik me planla.

Kommentarer

Populære innlegg