Premie i Rappfots Æresløp

På lørdag var eg i Bergen med Eggen Prins. Han skulle debutera i monté. Han var rolig og fin i varminga, så eg håpte det var eit godt teikn. Han var fornuftig i defileringa og gjekk greit i prøvestarten, men han vart kanskje litt for dorsk. For i volten fekk eg ikkje fart på han i heile tatt, så me fekk ein kjempedårlig start. Heile startsida kjendes det som om han skulle galoppera, så eg tørde ikkje dra han inn i førstespor. Han la seg til undervegs og gjekk betre, men då hadde me tapt for mykje. I første svingen galopperte ein konkurrent foran oss, så me fekk ein stopp. Ho prøvde å dra ut, men det var ikkje plass, så ho drog inn igjen og me fekk ein ny stopp. Dette tålte han heldigvis, og fekk opp farten igjen etterpå. Han reagerer skikkelig godt når hetta og skylappane blir dradd. Men han har ikkje så mange gir. Sidan han ikkje likar gjørmebane var det ikkje ideelle forhold for han denne dagen. Uansett kom han i mål som niandehest og fekk siste premien på 1.30,3. Det må vera godkjent i debuten. Om han skal gå fleire løp i monté, må eg nok gira han litt meir opp før start så eg får han litt på hogget og ikkje tapar så mykje.

Nokre bilete Eirik Blindheim tok av oss:
Alle hestane i Rappfots Æresløp får defileringsdekken. Eggen Prins var sponsa av Hauge Asfalt.

Prøvestart.

Prøvestart.

Kommentarer

Populære innlegg