3.plass med Pay Back

Sørlandsturen med Pay Back var vellukka. Han er ein fin hest å reisa med. I varminga prøvde eg å halda han rolig, og han kjendes veldig fin ut.

I løpet valgte eg å køyra frå start for å prøva å få ein fin posisjon. Så eg kom ned i ledarryggen til Grey Man som løyste godt og fekk teten. Ho køyrde styggfort med tethesten og opna fyrste 500 på 1.12,5 og fyrste 1000 meter på 1.12. Eg synest det gjekk for fort, så eg maste ikkje på han for at han skulle følgja ryggen. Eg visste eg hadde ein god hest i ryggen min og at eg burde angripa i det han gjorde det. I nest siste svingen vart farten brått dempa, men tente til att. På siste bortre langsida følte eg igjen at tethesten la av, og då hesten bak meg var på veg i angrep så gjekk eg og ut. Eg trudde Grey Man var trøytt, men han tente til att då eg kom opp på sida hans. Pay Back haldt farten til mål, og fekk ein flott 3. plass på gode 1.15,3.

Eit bilete Rune Eikeland tok av oss:

Kommentarer

Populære innlegg