Utstyrsbagar

Det er veldig forskjellig kva rytterar har løpsutstyret i. Når eg reiser på løp har eg alltid mykje utstyr med meg, og alltid litt ekstra i tilfelle noko skulle ryka. Derfor er det viktig for meg å ha gode bagar. Tidlegare hadde eg ein vanleg bag til drakta mi, men den vart for liten og til slutt røyk den. Eg har hatt ein salbag frå Horze tidlegare, men etter å ha vore i bruk til alle løpa mine ei god stund måtte eg kassera den òg. Heldigvis har eg fått ny sponsor som veit at det er viktig å ha utstyret på plass.

No brukar eg ein svart Wahlsten-bag til drakt, hjelm, ridestøvlar og andre kle eg har med meg. Eg synest det er veldig greitt å skilja hesteutstyret frå rideutstyret. Denne bagen er stor og har plass til alt eg vil ha med meg. Eg får plass til ridestøvlar, jodphurs, hjelm og alle klea eg treng samtidig. I tillegg er det to lommer på sidene, slik at eg kan fylla i litt ekstra eller skilla ut det som vert skittent. Heilt perfekt!

Misunnelig? Du får kjøpt den av dyresport.no til den nette summen 299 kroner. Eg anbefaler denne bagen, spesielt på grunn av størrelsen.

Eg har eigen salbag for hesteutstyret mitt. Den er så stor at det er plass til alt utstyret mitt. Fordelen med denne er at alt utstyret kjennes lettare ut sidan du kan bera den med skulderstropp. I tillegg er det mogeleg å bera han andre vegen. På mine bagar har eg brodering på begge sider, slik at eg veit kva som er min bag og ingen kan ta feil. Denne bagen er kjempepraktisk, og eg synest verkeleg han gjer nytten. Stoffet er veldig tjukt, så eg reknar med at han kjem til å vara lenge. Sidan denne aldri blir stappa full, vert det heller ikkje press på glidelåsen og dermed vil nok og den halda lenger enn på ein vanleg bag som du må trykkja saman for å lukka.



Har du lyst på ein slik? Kjøp den på dyresport.no. Salbagen kostar 649 kroner. Vil du ha brodering på vert dette gjort av ein lokal leverandør, så prisen vurderer etter kor mykje tekst det skal vera.

Kommentarer

Populære innlegg