Dårlige prestasjonar i Bergen

Eg var ute i montéløp og rekruttløp i Bergen på søndag. Fyrst ut var Lillruben i montéløpet. Han kjentest grei ut i varminga. Eigaren sa at han hadde virka fin og at det berre var til å ri alt det gjekk heile vegen i løpet. I prøvestarten verka han frisk og pigg. Då bilen slapp feltet rei eg i 1.09-fart på klokka, men på utsida husja Kristine på Britney Spur og på innsida rei Elsie det ho kunne med Overlover. Dermed valgte eg å trekkja meg, sidan eg såg eg ikkje kunne få teten uansett. Me låg som andrehest i andrespor gjennom fyrste svingen som gjekk i 1.12-fart. Då galopperte Company Ås som var på innsida av oss, ho drog ut og eg måtte ta opp Lillruben for å ikkje snubla i beina på den andre. Det mista me mykje fart på. Fyrste 500 meter gjekk etter 1.10 og fyrste 1000 meter etter 1.13. Eg merka at farten var for stor for Lillruben etter så lang pause, og han byrja hengja litt allereie etter 7-800 meter. Han sprang det han kunne heile vegen, men ned siste langsida kjente eg det var så godt som tomt. Eg valgte å fullføra løpet og han fekk seg ei gjennomkøyring. Det hadde han nok godt av etter løpspausen. Han er nok best når han går jamnt med løp. Eg gjorde som eg fekk beskjed om på forkant, men eg innsåg raskt at det ikkje var ei god løysing fyrste gong etter pause.

I rekruttløpet prøvde eg meg bak Miras Frigg. Han verka fin i varminga. Då starten gjekk tok han to steg før han kasta seg over i galopp. Det var ikkje enkelt å stogga han då fordi han vart hissigare når hestane kom over han. Etterpå låg me sist i feltet. Ut av nest siste svingen galopperte han på nytt. På klokka mi kjørte eg i 1.30-fart gjennom svingane og ned mot 1.26-fart på langsidene, og han har rekord på 1.34,5. Så det er nok ein hest med store fartsressursar om han ikkje galopperer. Han gjekk 1.34,7 til slutt med dei to galoppane, så det var ikkje meir enn to tidelar frå rekorden. Eg starta dermed mitt kuskeår med galopp og uplassert.

Bilete:
Lillruben i varming. Fin flyt etter pause. Foto: Eirik Blindheim.

Miras Frigg. Foto: Eirik Blindheim.

Kommentarer

Populære innlegg