Mitt livs raskaste løp

På torsdag rei eg Conway Holl i Bergen. Eg varma han berre på rettbanen, og han er ein litt sær hest som tester ut rytterane sine. Då han fann ut kem som var sjefen, oppførte han seg eksemplarisk. Han virka fin i prøvestarten, men vart veldig hissig då eg rei opp bak startbilen. Fleire gongar stanga han borti vingen, og like før start kom han utav det og tok eit langt steg. Eg var redd han skulle galoppera så eg tok opp og prøvde å halda han på beina. Det greidde eg heldigvis, men starten vår var øydelagt. Dermed rei eg rett inn i fyrstespor og havna i tredje innvendig. Fyrste 500 metrane gjekk etter 1.09,6. Ut av nest siste svingen vurderte eg å koma meg ut frå fyrstespor, så på siste langsida gjekk eg ut eitt spor. Hesten foran oss gjekk ikkje like godt på fram og min virka pigg så eg drog ut i tredjespor. Han fekk siste svingen i tredjespor, men han gjekk godt i tøylane. Nedover oppløpet kjempa me side om side tre stykk om tredjeplassen. Vinnaren og andrehesten var eit stykke før oss, og hesten i fyrstespor behaldt akkurat tredjeplassen. Dermed vart det ein flott fjerdeplass på tida 1.14,4aK. Så fort har eg aldri ridd før, så det var artig. Det var deilig å endeleg kjenna at ting fungerte og føla at eg rei eit godt løp. Hesten gjorde ein kjempeinnsats og senka montérekorden sin frå 1.20,0M til 1.14,4aK, så det var meget bra. Han var nok litt tung i kroppen, men det gjer innsatsen endå betre.

Her er nokre bilete Eirik Blindheim har tatt:



Kommentarer

Populære innlegg