Gjesteoppsitt på Cumulus

Eg hadde ingen oppsitt til Hööks montéløp då eg såg innmeldingslista, men eg håpte i det lengste at det skulle dukka opp ein hest til meg. Då eg opna startlistene vart eg positivt overraska. Eg fann namnet mitt bak Cumulus. Han gjekk prøveløp på 1.17,5 den 8. mai og debuterte med 2. plass på 1.14,1 i Bergen torsdag 24. I Bergensløpet gjekk han i tredjespor til 1.09,6-opninga, deretter kom han fram i dødens der han gjekk resten av løpet. Han gjorde ein sterk innsats. Formen er nok bra med tre trippelplasseringar i dei siste startane hans. Denne gongen står han på 40 meter tillegg, noko som kan bli hardt med raske O'beron på strek. Limerick er ein god montéhest og har vist det fleire gonger. Om me kan kjempa om plassen bak dei to må me vera nøgde denne gongen.

Motstanden:
1. O'beron: Han gjekk prøveløp på 1.17,8 og er ein svært lovande montéhest. Kristine trur han kan gå 1.17,0 på distansen, men eg vert ikkje overraska om han er nede på 1.16-talet med litt konkurranse mot mål. Kristine er god på å volta, og har ein hysterisk rytter-/kuskeform for tida. Dei tek nok teten og kan leda heile vegen.
2. Quelodie Merite: Gjekk 1.16,8aM i sin montédebut og leverte ein fin innsats til 3. plass då. Dersom formen er den same heng ho lenge på O'beron. Kan nok kjempa om ein trippelplass om ho er like god på volte som på auto.
3. Cinea's Tomali: Montédebutant som gjekk prøveløp på 1.21,7. Står med tre strake uplasserte løp, så formen er kanskje ikkje den beste. Er nok ein premiekandidat fyrste gong ut.
4. Zenitzia: Er jamn og flink under sal og har ikkje vore dårlegare enn fjerdeplass i monté endå. Kan nok kjempa blant dei fire beste dette løpet òg.
5. One Hook K.D.: Gjekk prøveløp på 1.19,7 og debuterer i monté her. Usikker på kva denne kan, men han har ikkje vist det store i sulky den siste tida. I første omgang ein premiekandidat.
6. Moreno: Opna på 1.09,6 fyrste 500 meterane i sitt forrige montéløp og stumma til slutt, men fekk ei god gjennomkøyring. Må halda lenger denne gongen om han skal kjempa i toppen.
8. Limerick: Er ein god montéhest og han har vunne mange gonger under sal. Han gjekk ny rekord i sin siste start, så formen er nok bra. Har berre eitt montéløp på Forus før og då vart han diska for galopp. Det kan bli hardt å henta 40 meter på strekhestane, men han er god nok til å gjera det og kryssa mållina fyrst.

Startliste:
Løp: 10  HÖÖKS MONTELØP  (ca. kl. 21:10)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige.
2040 m. Tillegg 20 m ved vunnet 100.000 kr., 40 m ved 350.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 O'beron Kristine Kvasnes 84.114 1.17,4v 1.15,4a
2040 2 Quelodie Merite Monica Odderstøl 88.043 1.17,6v 1.14,8a
2040 3 Cinea's Tomali Siw Helen Bø 75.700 1.18,4v 1.16,4a
2040 4 Zenitzia Anette Selliken 76.500 1.17,5v 1.16,6a
2040 5 One Hook K.D. Linda Elisabeth Larsen 49.228 1.16,6v 1.16,8a
2080 6 Moreno Lise Hjetland 400.384 1.15,8v 1.13,6a
2080 7 Cumulus Charlotte Steine 655.697 1.15,3v 1.11,3a
2080 8 Limerick Malin Berås 583.145 1.15,6v 1.12,5a

Bilde av Cumulus og Anette Selliken i montédebuten hans, foto: Eirik Blindheim:

Kommentarer

Populære innlegg