4. plass på Pay Back

På tysdag køyrte eg mitt andre ungdomsløp for året. Denne gongen var det autostart og eg hadde sjettespor. Pay Back varma fint og han kjendes fin ut i prøvestarten. Han har vore litt trøblete bak bilen frå spor seks tidlegare for oss, og har galoppert frå start kvar gong. Denne gongen rista han i hovudet og galopperte allereie før startbilen slapp. Heldigvis fekk eg tatt han opp og dratt han vekk frå dei andre hestane ganske kjapt sånn at han tok travet att. Deretter var valet enkelt.

Eg køyrde rett inn i førstesporet og la meg sist i feltet. I nest siste svingen gjekk eg ut i andresporet. Då såg eg at favoritten Mr. Vegas gjekk ut i tredjespor, dermed var eg sikker på at eg hadde heng til mål. Midt på siste langsida vart me skubba ut i tredjespor, men det gjorde ikkje så mykje sidan favorittan var framføre meg. Ut av siste svingen kjentes han framleis sprek ut, så eg drog ut i fjerdespor. Kanskje burde eg ha venta til me svinga ut på oppløpssida, men han tente til. Eg drog av han hetta og han spurta veldig fint ned oppløpet og haldt farten heilt inn i mål. Det resulterte i ein fin 4. plass på 1.16,7. Han viste at han er tilbake i slag. Det er deilig å sitja bak når du kjenner hesten verkeleg vil framover.

I montéprøveløet skulle eg ridd Options Blue Chip, men han vart strøket.

Varming. Foto: Elli Larsen.

Varming. Foto: Arnfinn Roaldsøy/fotobertil.net.

Kommentarer

  1. Flink til og kjøre du Charlotte. Synd med galoppen.

    SvarSlett
  2. Takk for det. Prøver så godt eg kan. Lønner seg ofte å vera passiv i ungdomsløpa. Det er kjekt å køyra og innimellom. Han er litt vanskelig, så då vert det galopp. Han vert tilgjeve for det når han går godt etterpå :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg