Galopp med Nimo

På tysdag var eg ute og rei Nimo i eit montéløp. Han kjendes fin og stabil ut i varminga. Me fekk ein okei start og kom greit i gang. I fyrste svingen datt han litt innover, dermed måtte eg korrigera han litt og då galopperte han. Eg skulle dra ut, men fekk ikkje gjort det fordi det kom ein konkurrent bakfrå, og då tok han avgarde i galoppen. Han vart diskvalifisert for galopp, men eg valte å ri etter eg fekk han ned i trav. Då fullførte han resten av distansen i 1.27-fart. På det raskaste var han nede i 1.24, så det er liten tvil om at det er kapasitet i han. Trenaren meinte eg hadde for slakk sjekk på han, men han fungerte med den sjekken både før og etterpå, så det var keisamt at eg ikkje klarte halda han i trav.

Eit bilete frå dagen, foto: Arnfinn Roaldsøy, fotobertil.net.

Kommentarer

Populære innlegg