Nimo i montédebut

I montéløpet på Forus på tysdag skulle eg eigentleg ridd Eldfri. Då eg såg innmeldingslista innsåg eg at det var eit hardt løp for ho i montédebuten, dermed vart me einige om at ho skulle venta med montédebuten. Det resulterte i at eg fekk meg eit gjesteoppsitt på montédebutanten Nimo.

Kristine Kvasnes rei han i prøveløp og då viste han at han er kapabel til å springa fort under sal. Til slutt landa han på 1.28,0 åleine. Med tanke på prøveløpet har han vist at han har fart til å vinna eit løp som dette, men han har galoppert i 44 av sine 73 startar. Han haldt seg i trav i montéprøveløpet, men det vert spennande å sjå korleis han taklar monté når han får hestar rundt seg. Dersom eg klarer å halda han i trav heile løpet trur eg han skal kjempa på trippelen.

Motstanden:
1. M.G. Lomen: Har berre prøveløp bak seg under sal, og då kom han i mål på 1.39,1. Han galopperte frå start i prøveløpet og må nok vera forbetra for å kunna kapra ein premie her, sjølv om han har forsprang på konkurrentane.
2. Lineas Elfin: Gjekk ikkje som best under sal dei fyrste montéløpa han var ute i, men har tatt seg opp og hatt gode resultat dei siste montéstartane. Har vore borte med skade ein periode, men har fått nokre løp i kroppen etter det så han er nok på veg tilbake i form og har fordel av å stå 20 meter framføre dei verste konkurrentane. Trippelaktuell utan galopp.
3. Evina: Gjekk prøveløp åleine og trava 1.34,3 då. Skjerpar seg nok litt når ho kjem saman med hest, men må nok senka seg mange sekundar for å hevda seg i dette løpet. Premiesjanse fyrste gong under sal.
4. Moe Granar: Han har ikkje starta monté sidan april i fjor, og då galopperte han i mål som femtehest, men han gjekk veldig godt fram til galoppen. Før det hadde han gått to montéløp som begge resulterte i diskvalifisering for galopp. Prøveløpet trava han på 33,1. Han må halda seg i riktig gangart for å hevda seg. Rytteren kjenner han frå trening, så det er nok ein fordel. Kan vera trippelaktuell feilfri.
5. Knell: Debuterte under sal i Bergen, då stoppa han skikkelig og ville ikkje så mykje. Han fekk 6. plass på 1.32,8. Prøveløpet gjekk han på 1.30,0. Etter montéløpet har han tatt fire strake sigrar med sulky, så kanskje formen er så god at han vil denne gongen?
6. Rigel Elden: Har ikkje gjort det store i sine siste løp, men han pleier vera flink og henta seg premie i monté. Kjemper om ein ny premie her.
8: Pål Stjernen: På seks montéløp har han framleis ikkje vore utanfor trippelen, og har kryssa mållina fyrst halvparten av gongane. Eg vert ikkje overraska om dette er vinnaren nok ein gong.
9: Høgda Svarten: Han har ikkje starta sidan februar, og då vart han rapportert. I dei tre siste montéløpa har han galoppert, men han har vist tidlegare at han er god i travritt. Vann lokalkjøring på Forus 19. mai, så han har fått ei gjennomkjøring før dette løpet. Trippelaktuell.


Løp: 10  Montéløp   (ca. kl. 21:10)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige.
2040 m. Tillegg 20 m ved vunnet 100.000 kr., 40 m ved 230.000 kr., 60 m ved 430.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 M.G. Lomen Monica Refsland 88.500 1.29,9v 1.33,0a
2080 2 Lineas Elfin Madelen Berås 410.900 1.26,5v 1.26,0a
2080 3 Evina Anette Selliken 273.500 1.26,2v 1.27,5a
2100 4 Moe Granar Anette Veggeberg 1.166.700 1.22,9v 1.22,8a
2100 5 Knell Kristine Kvasnes 800.051 1.23,5v 1.24,3a
2100 6 Rigel Elden Kari Anne Knutsen 919.500 1.23,6v 1.24,0a
2100 7 Nimo Charlotte Steine 479.350 1.26,5v 1.27,2a
2100 8 Pål Stjernen Malin Berås 486.500 1.26,7v 1.25,5a
2100 9 Høgda Svarten Lise Hjetland 887.372 1.24,6v 1.24,1a

Bilder av Kristine og Nimo i prøveløpet:




Kommentarer

Populære innlegg