Rekruttløp med One Hot Minute

På torsdag skal eg ut i rekruttløp igjen, mitt tredje sulkyløp for året. Denne gongen skal eg setja meg i vogna bak One Hot Minute, som venninna mi Jorunn eig. Han har hatt løpspause i over fire månader på grunn av ulike ting, så formen er usikker. Han kan vera litt vanskeleg i volten, men me har ikkje fått ledande spor så eg håper han følgjer etter hesten foran. Me har fått femtespor på 20 meter tillegg, og han står fint til på tillegget. Håper eg får han frå start og at me klarer å finna ein fin posisjon undervegs. I så fall skal han kunna få ein premie i dette løpet. Etter så lang pause trur eg det vert hardt å hevda seg i toppen.

Motstanden:
1. Zeron: Har gått ein del gode løp den siste tida og har fått fleire trippelplasseringar. Med riktig løp kan han dukka opp på trippelen igjen.
2. Best Of Boszorg: Kapasitetshest som har gått mange gode løp. Kusken kjenner hesten frå trening og det er nok ein fordel. Frå strek er det lettare å unngå problem i ungdomsløpa med mange urutinerte kuskar. Kan nok kjempa om ein trippelplass.
3. Zipin Rapida: Kom ut fyrste gong i ny regi i sitt siste løp. Den nye eigaren kjører sjølv no. Ho har berre eitt sulkyløp bak seg, frå 2004, så kusken er urutinert. Er nok i fyrste omgang ein premiekandidat.
4. M.T. Funky Dude: Vann i sin nest siste start og fekk 3. plass i sin siste start, så formen er nok bra. Har galoppert ein del i tidlegare løp. Kjemper om ein premie.
5. Faxi Quick F.: Går jamne løp og er ein flink premieplukkar. Står fint til på strek og kan kanskje vera med framme frå start og vera der ei stund. Så lenge han held seg i trav kjempar han om premie, og kanskje ein trippelplass.
6. One Hook K.D.: Er startrask og kan fort sitja i tet om han treffer starten. Står hardt inne grunnlagsmessig, men leverer nokre pangløp med ujamne mellomrom.
7. Perfect Globe: Har gått mange gode løp den siste tida og ein ny siger er like om hjørna. Sigeren kan koma her om han får det rette løpet.
8. Giant Gold: Kusken kjenner hesten godt, men hesten har ikkje vist det store den siste tida. Sjokkerer med gode resultat frå tid til annan, men er nok i utgangspunktet ute etter premie her.
9. Zarbaro Boko: Vinnarhest som alltid leverer gode innsatsar. Kan vinna igjen.
10. Be My Love: Har gått to greie løp i ny regi. Hesten går jamnt godt og galopperer sjeldan, noko som er ein fordel i ungdomsløp. Kan kanskje havna på trippelen til slutt.
12. Eck Legendary K.: Har galoppert mykje den siste tida i sulkyløp, og må halda seg i trav for å hevda seg. Han har god kapasitet, men må trava for å få premie.
13. Leo One: Har gått fleire gode løp etter han kom tilbake etter skade i fjor, men er litt variabel i prestasjonane. Er nok i utgangspunktet ein premiehest som står riktig inne i løpet grunnlagsmessig, og kan jaga ein trippelplass.
14. Zico H. Limburgia: Hesten er flink og står med tre strake 3.plassar, så formen er nok på plass. Jaktar ny trippelplassering her. Med rette løpet kan han stikka nasen først i mål.
15. Ønas William: God hest og god kusk. Seiersaktuell sjølv om han står litt dårleg inne grunnlagsmessig.

Startliste:
Løp: 5    (ca. kl. 19:40)
Varmblods. 3-12-årige høyest 400.000 kr.
2100 m. Tillegg 20 m ved vunnet 90.000 kr., 40 m ved 245.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Volte V5-4     V5B-1     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Zeron Johanne Eide Raknes 78.300 1.19,0v 1.15,1a
2100 2 Best of Boszorg Linda Elisabeth Larsen 79.719 1.18,8v 1.15,5a
2100 3 Zipin Rapida Jeanett K. Flatøy 61.882 1.16,5v 1.16,2a
2100 4 M.T. Funky Dude Linn Hernar Helgeland 63.756 1.16,5v 1.17,8a
2100 5 Faxi Quick F. Caroline L.B. Morken 81.000 1.17,8v 1.17,8a
2100 6 One Hook K.D. Susanne Evensen Rasmussen 49.228 1.16,6v 1.16,8a
2120 7 Perfect Globe Eivind Bryn 140.620 1.16,8v 1.14,7a
2120 8 Giant Gold Christiane J. Kristiansen 151.100 1.16,7v 1.15,4a
2120 9 Zarbaro Boko Lene Bjånes Indrevær 174.566 1.16,9v 1.14,7a
2120 10 Be My Love Victoria Steine 211.250 1.17,3v 1.14,6a
2120 11 One Hot Minute Charlotte Steine 199.500 1.16,5v 1.13,4a
2120 12 Eck Legendary K. Christine Pedersen 159.000 1.16,1v 1.15,6a
2140 13 Leo One Linda Bø 342.000 1.18,0v 1.15,1a
2140 14 Zico H. Limburgia Mats Gunnar Ringberg 304.000 1.16,2v 1.14,4a
2140 15 Ønas William Kristine Kvasnes 273.451 1.15,3v 1.14,8a


Eit bilete av One Hot Minute frå eit løp han vann i 2010:

Kommentarer

Populære innlegg