Rekruttserien på Forus i gang

På tysdag går fyrste løp i Rekruttserien 2012 på Forus. Eg skal køyra Pay Back Money frå spor 6 på autosprint. Han har starta to løp for oss frå spor 6 bak startbilen, og begge dei har endt med startgalopp. Så eg håper at spor 6 på sprint betyr meir lukke, så me kjem oss feilfritt ut frå start. Det er veldig mange urutinerte kuskar i feltet, inkludert meg sjølv, så det er veldig vanskeleg å vurdera kva som skjer og korleis løpet vert køyrt. Pay Back virkar i alle fall å ha okei form, og han gjekk eit fint løp etter galopp sist. Han har hatt litt pause og trent fint, så eg håper han er tilbake i slag. Det er vanskeleg å vita kor god han er og kor langt opp på premielista han kan koma. Utan galopp håpar eg han får ein fin premie i alle fall.

Motstanden:
1. Obedience: Kusken har framleis ingen trippelplasseringar og hesten har galoppert ein del, men han er jamn og flink som skal kunna hevda seg i toppen.
2. Grey Man: Han har fin form, er rask frå start og kan fort leda heile vegen. Kusken har berre tre løp bak seg, men kjenner hesten godt frå trening og lokalkøyringar.
3. Magic Me: Er opp og ned i prestasjonane, men leverte ein fin innsats til 2. plass i sin siste start. Madelen køyrer sitt fyrste løp i år. Usikker på kor god denne hesten er, men skal reknast med trippelsjanse etter prestasjonen sist.
4. Yorath Boko: Galopperer mykje, men er likevel flink og får premiar. Eigaren køyrer sjølv og har nok kontroll på hesten.
5. Giant Gold: Har ikkje starta sprint sidan august i fjor og har ikkje hatt dei beste resultata. Har sjokkvunne på Forus før, men er kanskje fyrst og fremst ein premiekandidat her.
7. Nepos Bee: Strøket.
8. Lucky Surprise: Går jamne løp, men har tre uplasserte løp på rad no så formen er usikker. Kusken kjenner hesten frå tidligare løp. Vanskeleg utgangsposisjon, så er kanskje ein premiekandidat i fyrste omgang.
9. Sundbo Kaktus: Har gått fine løp dei siste gongane. Kusken har køyrt tre løp, men har premiar i alle tre. Med rette løpet er dette ein av hestane som kan kjempa om ein trippelplassering.
10. Yor De Landerije: Er behandla etter siste start, så eg reknar med at hesten er sett opp til dette løpet. Camilla kjenner hesten godt og har vunne med han fleire gongar før. Hesten er god når han er i slag og er god nok til å vinna.
11. Mr. Vegas: Vann i sin siste start etter eit sterkt løp. Då hadde han hatt pause sidan juli i fjor, med unntak av eit prøveløp. Skal reknast med vinnarsjanse, sjølv frå eit vanskeleg startspor.
12. Ziriumzam: Har dårlege resultat å visa til i sine siste startar. Har ikkje fått premie sidan august, så kjemper nok om ein premie i dette løpet.


Startliste:
Løp: 5    (ca. kl. 19:40)
Varmblods. 3-12-årige høyest 170.000 kr.
1600 m. Autostart.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V5-4     V5B-1     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Obedience Henning N. Horpestad 96.641 1.17,7v 1.15,2a
1600 2 Grey Man Silje Jessen 141.500 1.18,6v 1.15,9a
1600 3 Magic Me Madelen Berås 161.665 1.14,8v 1.15,1a
1600 4 Yorath Boko Merete Skjæveland 95.368 1.16,0v 1.15,8a
1600 5 Giant Gold Christiane J. Kristiansen 151.100 1.16,7v 1.15,4a
1600 6 Pay Back Money Charlotte Steine 140.058 1.17,4v 1.15,7a
1600 7 Nepos Bee Mats Gunnar Ringberg 164.554 1.15,4v 1.15,4a
1600 8 Lucky Surprise Ronja Good Djøseland 163.500 1.16,7v 1.14,4a
1600 9 Sundbo Kaktus Morten Erga 148.100 1.16,4v 1.14,7a
1600 10 Yor de Landerije Camilla Sund 94.109 1.16,4v 1.15,0a
1600 11 Mr. Vegas Lars Kristian Løkken 175.500 1.15,8v 1.14,6a
1600 12 Ziriumzam Stian Øksnevad 157.500 1.15,8v 1.14,7a



Eit bilete frå fyrste løpet eg køyrde Pay Back Money, det enda i siger.

Kommentarer

Populære innlegg