Conway Holl i elitesprint

På torsdag skal ti varmblodshestar konkurrera på 1600 meter autostart open klasse i Bergen. Eg skal ri Conway Holl. Han har vore hjå Kenneth Handeland i trening i ein kort periode no, og gjer sin fyrste start i regi Stall Handeland. Frå før har han eitt montéløp bak seg. Prøveløpet gjekk han på 1.24,4, medan løpet resulterte i 8. plass på 1.20,0. Før debutløpet leverte han ei veldig fin varming, men han var ikkje like ivrig då løpet kom i gang. Eg kjenner ikkje noko særleg til han. Kanskje det er lettare å få han i gang med autostart. Motstanden er knallhard, så han må vera mykje betre enn i debutløpet for å få premie. Om han synest det er kjekt kan han kanskje kjempa om fjerdeplassen. Me får prøva å gjera det beste utav det og halda oss til rett gangart, så får me sjå kor langt det rekk.

Motstanden:
1. Max Stensbæk: Står i spor ein som betyr at han har minst grunnlag, så han vert nok for svak i dette feltet.
2. Britney Spur: Gjekk 1.16,1 og fekk 4. plass i sin montédebut. Er lynrask frå start og kan ta teten. Om ho gjer det kan ho bestemma kva rygg ho vil sitja i, men eg trur motstandarane vert for sterke til slutt.
3. Overlover: Løyste godt bak bilen i sitt forrige montéløp. Ny rytter på ryggen denne gonge. Kan få ein fin posisjon undervegs. Gjekk 1.15,0 sist, om han har endå meir å gå på kan han kjempa om trippelplass igjen.
4. Feel The Heat: Har fått nokre premiar i monté, men har ikkje gått fortare enn 1.15,9. Kjemper om ein premie her.
5. Moreno: Han har ikkje starta monté sidan 13. desember og har berre eit sulkyløp etter den lange pausen. Fekk ein gjennomkjøring i ei lokalkøyring på Forus 19. mai, så er kanskje tilbake i slag. Om han er tilbake i sin gode form kan han kjempa om ein trippelplass her.
6. Knödden Aubiose: Har gått fort på sprint under sal i Sverige, men har til no ikkje vist det heilt store i Noreg. Dei siste sulkyløpa har han vist fin form, men er vel kanskje ein premiekandidat om han ikkje har gått veldig fram sidan forrige montèløp.
8. Cumulus: Montédebutant som har eit prøveløp på 1.17,5 bak seg. Såg visst veldig fin ut i prøveløpet og er ein brukande hest som har fin form. Kjemper om sigeren fyrste gong ut.
9. Løb Cowboyland: Endå ein montédebutant. Gjekk prøveløp på 1.19,0 i mai i fjor, men då gjekk det veldig seint i starten. Har nok ein fordel med autostart, og konkurranseinstinktet vaknar nok når han kjem saman med hestar. Skal reknast med vinnarsjanse.
10. John Paul's Legacy: Endå ein montédebutant. Gjekk prøvelø på 1.17,8. Leverte eit svett løp til siger frå dødens sist. Har den beste rytteren på ryggen og er ein solid travhest. Kan fort vera vinnaren i dette løpet.

Startliste:
Løp: 4  Montéløp   (ca. kl. 19:15)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige.
1600 m. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V5-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Max Stensbæk Linn Hernar Helgeland 186.913 1.16,0v 1.15,3a
1600 2 Britney Spur Victoria Steine 230.500 1.17,3v 1.15,3a
1600 3 Overlover Elisabeth Jensen 237.769 1.16,8v 1.14,2a
1600 4 Feel The Heat Lene Rotneim 277.256 1.16,2v 1.14,0a
1600 5 Moreno Lise Hjetland 400.384 1.15,8v 1.13,6a
1600 6 Knödden Aubiose Caroline L.B. Morken 422.896 1.15,0v 1.12,9a
1600 7 Conway Holl Charlotte Steine 524.863 1.15,9v 1.12,9a
1600 8 Cumulus Anette Selliken 655.697 1.15,3v 1.11,3a
1600 9 Løb Cowboyland Linda Bø 1.230.607 1.13,1v 1.12,3a
1600 10 John Paul's Legacy Kristine Kvasnes 2.492.435 1.17,0v 1.09,8a

Nokre bilete av han:


Kommentarer

Populære innlegg