Why Not Lucky i montédebut

På tysdag skal eg ri Why Not Lucky. Han skal gjera sin montédebut, og samtidig kjem han ut i første løpet i ny regi. Prøveløpet gjekk han på 21,9. Han skal vera ganske travsikker, men har ikkje fått premie til no i år. Så det får me prøva å snu. Eg testa han i nokre intervallar på torsdag, og han kjentes veldig fin ut. Me prøver med litt nytt utstyr til løpet, i tillegg skal han varmast heime før han kjem til banen. Så det vert spennande å sjå om han trivs under sal. Me har fått eit fint fyrstespor og må prøva å utnytta det så godt me kan på ein sprint. Målet er å få premie, så får me gjera så godt me kan.

Motstanden:
2. Yankee Splinter: Har gått nokre fine montéløp og har nok kanskje fordel av både auto og sprint. Har flink rytter, og kan fort dukka opp på trippelen her.
3. Schaschlik: Montédebutant som gjekk prøveløp på 20,6. Såg fin ut i prøveløpet, men må nok gå ein del fortare for å vera i toppen. Set den som premiekandidat til eg har sett den i løp.
4. Dijon's Meister: Har nokre premiar med seg frå monté på Østlandet. Gjekk fint for Stine Lode i eit rekruttløp sist. Rytteren gjer sin montédebut her, så premie er nok målet.
5. Zenitzia: Har ikkje starta monté sidan august i fjor. Er flink når ho held seg i trav. Om ho gjer det er ho trippelaktuell her.
6. Tamaran: Imponerte i sitt siste montéløp og har to andreplassar på to forsøk i travritt. Med flink rytter på ryggen skal han kjempa om ein ny trippelplassering med innsats tilsvarande det  han leverte sist. Eit lite spørjeteikn ved at han ikkje har starta på 3,5 månader.
7. Kjell Bjarne: Skuffa på Klosterskogen sist, men er normalt ein flink montéhest. Må vera betre enn sist for å vera med her.
8. General Liberty: Har levert fine montéinnsatsar, men ser litt vanskelig ut. Får ny rytter på ryggen no. Men har likevel vore så flink at om han er i orden har han sjanse til ein ny trippelplass.
9. Winner Augustinu: Har gått mange fine montéløp den siste tida, men har ikkje vore ute på sprint endå. Ut frå sulkyresultata på sprint, skal ikkje det vera noko minus. Kan fort vera med å kjempa om sigeren.
10. Oddset Hæstak: Har gått fine montéløp, men heller ikkje han har vore ute på sprint. Distansen er nok berre ein fordel, og sjølv om han står ytterst bak bilen er det nok den beste montéhesten i feltet. Rytteren er i form, og dei skal reknast med vinnarsjanse.

Startliste:
Løp: 3  #MONTÉLØP #  (ca. kl. 18:50)
MONTÉLØP
4-12-årige høyest 355.000 kr.
1600 m. Monté Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 18.000-9.000-6.000-4.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V65-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Why Not Lucky Charlotte Steine 152.500 1.16,9v 1.16,3a
1600 2 Yankee Splinter Irmelin Risa 331.439 1.14,9v 1.12,0a
1600 3 Schaschlik Hilde Rogstad 50.500 1.18,7v 1.15,5a
1600 4 Dijon's Meister Stine Lode 156.000 1.17,1v 1.14,7a
1600 5 Zenitzia Anette Selliken 132.500 1.17,5v 1.16,4a
1600 6 Tamaran Lise Hjetland 188.350 1.17,1v 1.14,4a
1600 7 Kjell Bjarne Brit Lea 323.500 1.16,2v 1.13,3a
1600 8 General Liberty Elisabeth Jensen 247.000 1.17,1v 1.15,1a
1600 9 Winner Augustinu Ida Gundersen Thompson 308.000 1.14,9v 1.13,0a
1600 10 Oddset Hæstak Siw Helen Bø 316.148 1.15,9v 1.12,8a

Eit bilete Arnfinn Roaldsøy tok av han i prøveløpet:

Kommentarer

Populære innlegg