Faksus i Rekruttserien

Eg prøver meg i vogna bak Faksus igjen. Det er eit løp i Rekruttserien på Forus. Denne gongen står me på strek. Løpet er litt hardare grunnlagsmessig, men eg trur ikkje han gjer seg bort. Me fekk tredjespor i volten denne gongen óg, noko eg trur er eit greitt utgangspunkt. Det er nokre gode hestar i mot, så me får berre prøva så godt me kan, og håpa på at eg klarer kjøra i trav denne gongen og. I så fall må me satsa på ein fin premie.

Motstanden:
1. Knøttlita: Fekk sin fyrste premie på halvanna år sist, og er på premiejakt igjen.
2. Sangvikskongen: Er veldig god når han held seg til trav. Om han gjer det, er han sannsynlegvis vinnaren her.
4. Skaffer Elden: Har mange fine prestasjonar bak seg, men galopperer ein del. Kusken er flink på dei som er litt usikre, og har berre galoppert med han ein av dei siste seks startane dei har saman. Skal reknast i toppen her.
5. Skaffer Adrian: Leverte mange fine løp på slutten av fjoråret, har galoppert seg bort fleire gonger i år. Vanskeleg å vurdera, men må nok gå feilfritt for å vera med i toppen.
6. Skogfaks: Har levert mange fine prestasjonar og står fint inne her. Er nok med i trippelkampen.
7. Super Sjefen: Kusken kjenner han frå tidlegare, og det kan nok vera ein fordel. Står fint til og skal kjempa om sigeren feilfritt.


Startliste:
Løp: 8    (ca. kl. 20:45)
3-15-årige høyest 225.000 kr.
2040 m. Tillegg 20 m. ved vunnet 140.001 kr.
Premier: 18.000-9.000-6.000-4.000-3.000-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte V5-4     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Knøttlita Ronja Good 80.000 1.29,8v 1.32,6a
2040 2 Sangvikskongen Stine Birkeland 102.000 1.29,4v 1.32,5a
2040 3 Faksus Charlotte Steine 90.000 1.30,7v 1.31,6a
2040 4 Skaffer Elden Johan Kringeland Eriksen 138.500 1.28,7v 1.28,5a
2040 5 Skaffer Adrian Lise Hjetland 92.000 1.30,3v 1.29,8a
2060 6 Skogfaks Morten Erga 199.500 1.27,2v 1.28,0a
2060 7 Super Sjefen Magnus Teien Gundersen 177.000 1.26,1v 1.29,0a

Eit bilete av Faksus frå varminga førre gong eg kuska han:

Kommentarer

Populære innlegg